Friday, May 4, 2007

7. Carl O. Breien

7. Carl O. Breien –
som nasjonallyrikar

Store årstal i soga er ofte merkedagar på grunn av politiske hendingar. Krig og frigjering og kongeval er døme på det. Heller sjeldan finn me dei religiøse og kristne tonane ved slike merkedagar.

Ser ein derimot etter i andre enn politiske og profane litterære kjelder, vil ein oppdaga at kristne leiarar har tenkt djupe tankar om frigjering og store politiske merkedagar. Ofte går ein forbi slike ved store jubile. Men då gjer ein ikkje rett mot folket og utviklinga i landet. Eg vil dra fram ein slik poetar som hadde nasjonale tankar.

Carl Breien
Her tenkjer eg på frelsesoffiseren Carl O. Breien. Han kom med i Frelsesarmeen i den første tida i 1888 i Oslo, og han vart den første mannlege offiseren i Noreg. Bertha Hansen var den første. Breien var offiser i Noreg, Finland og to gonger i Danmark. Fleire gode songar er komne frå hans hand – og han levde heilt til 1960. Eg fekk forresten høve til å møta han i 1956 då han var på aldersheim i Oslo.

I 1905 hadde altså Breien vore offiser og tenar for Herren i 17-18 år med brei røynsle. Til den politiske hendinga dette året skreiv han i etterkant ein song til den mektige tonen til Luthersalma: Vår Gud han er så fast ei borg. Her skreiv han:

Vi gledet oss hin junidag,
om svake, dog så sterke.
Vi jublet høyt da Norges flagg
ble heist som samlingsmerke,
skjønt mørke skyer kom
og skjulte solen som
så vennlig lyste ned
med håpets stille fred.
Vi stod i bønn og ventet.

Her er nasjonale tonar. Han gledde seg med folk flest at det gjekk vel. Dei mørke skyene er otten for krig mellom brorfolka. I fleire vers skriv han med respekt: ”Gud æren skal beholde.” For ein kristen er det heilt naturleg å sjå årsaka til alt hjå Han. Og det skamma han seg ikkje over. Difor skriv han vidare i vers 3: ”Gud trofast var, han svek oss ei.” I 1905 var Noreg i bøn for landet, og Han viste si makt. Slik tenkjer ein kristen. Han lit ikkje på kanoner og krut.

Så kan han slutta songen frå 1905 med dette: ”Nå synger kvinne, mann: Vi eier helt vårt land.”

35 år etter kom nye mørke skyer. Då hadde Breien vore pensjonist i 6 år. Men diktaråra rann utan stans. Om aprildagane i 1940 skriv han og fangar inn situasjonen for folk flest slik:

Mitt kjære, kjære fedreland,
mitt havomkranste gamle Norge.
Tenk nå er også krigens brann
blitt tent ved dine klippeborge.
Her høres drønn. Her faller menn.
Man taler stille, venn med venn.

Det utenkjelege hadde hendt. Folk kunne ikkje tala fritt og ope meir. Krigens brann loga i alle bygder. Han ser ”et fremmed flagg” og høyrer ”et fremmed språk”. Og han kjenner seg ”som var man gjest i eget land”.

Slik var den politiske situasjonen då. Men vona har han ikkje mist: ”Det kommer nok en bedre dag”, og den vil han arbeida for: ”Om tunge veger vi må trede, for Norge vil vi virke, bede.” Han kjende det beste våpen for dei kristne – ”bede”.

8. mai fem år etter kom svaret. Då vart det andre tider, skriv han: ”Trygg man går på veg og sti…” Men mange ting vitna om det som hadde vore, og det var tunge dagar som låg bak:

Se, her kommer landsmenn frem
ifra fangeleir og fengsler.
Nå de haster til sitt hjem,
brutt er alle bånd og stengsler;
de har lidt for Norges sak,
derfor denne gledens dag
som er født av angst og vånde –.

Ein historikar skreiv til meg ein gong at dei kristne ikkje var opptekne av det nasjonale eller det jordiske. Carl Breien har prova det motsette. Han døydde i 1960 og fekk slik smaka litt av den nye våren i landet. Han avslutta diktet slik: ”Herre, signe gamle Norge.”

Litteratur:
Carl Breien: Minnene taler. Salvata 1943.
Carl Breien: Mot hjemmet. Salvata 1948.

No comments: