Sunday, October 28, 2007

Minneboka

Frå Minneboka mi.

Innhald:

1. Bestemor - og Nøkken. 1

2. Songen til far.x. 2

3. Til bedehuset x. 2

4. I militæret x. 3

5. Til ei ny brakke. x. 4

6. Mitt første vitnemål. x. 4

7. Åleine kristen. x. 5

8. Bestefars bibel. x. 6

9. Omvendt i lyn og tåke. x. 6

10. Bibelord på ljåen. x. 7

11. Kona med saltet. x. 8

12. Fars bøn. x. 9

13. Mitt første ja. x. 9

14. Predikanten på Mo.x. 9

19. Predikant 10

Kr. 1,75. x. 10

17. Bestemor får eit syn. 11

18. Ein slurk brennevin. 12

15. På Skorpevatnet.x. 12

16. Eit knust glas.x. 12

17. Julesong på Ormhaug. 12

18. Bønnestein. 13

1. Bestemor - og Nøkken.

Bestemor gjekk på bedehuset. Det gjorde mor og, men ho hadde ikkje alltid tid.

Ein kveld visste eg at det var møte, og mor hadde sagt at ho kunne ikkje gå. Far var truleg bortreist. Då gjekk eg opp i folgehuset og sa til bestemor Guri: "Skal du gå på møte?"

"Ja," sa ho, "eg skal gå."

"Kan eg få fylgja deg då? Dei andre skal ikkje på møte i dag."

"Klart du kan," sa ho, og me rusla oppover Dalen til bedehuset. Om litt kom me til ein bekk eller ei lita elv. "Mørka-bekkjen" heitte han. Der var ei gamaldags bru, berre med stabbesteinar på kva sida. Men dei stod eit stykke frå akvarandre, så det var lett å gå feil.

Då me kom ned til brua, stansa bestemor og sa: "Nå, Nils, må du ta meg i handa så skal eg leida deg over brua. For du veit at nede under brua bur Nøkken, og han vil ta slike små gutar som deg. Så dreg han deg ned i fossen."

Ja, så blei det gjort. Eg hugsar ennå kor trygt eg gjekk over brua. Bestemor si hand var sterk nok for meg. Og seinare har eg tykt at det var ein ganske god pedagogikk ho hadde då.

Men så snart eg var over på den andre sida, sa eg:"Nå kan eg gå åleine!" Og det fekk eg. Korleis det var på møtet, er borte frå minnet. Men hendinga på brua står fast.

Slik er jo livet vårt. Me har ein veg å gå, ofte er den fårleg, og Nøkken - den gamle djevelen - er etter oss heile tida. Då seier Jesus: Ta mi hand, då er du trygg. Og han heldt oss fast, ikkje berre på einskilde fårlege stader. Men kvart steg.

Ein dag er me framme, på den andre sida, i himmelens rike. Då er me trygge for alltid, og kan aldri falla meir. Og der vil aldri "Nøkken" nå oss.


2. Songen til far.

Far var lærar og klokkar og bonde. Og han kunne synga. Ein gong i tidleg ungdom skulle eg ha tak i far - eg trong vel hjelp til eitkvart. Eg gjekk bak løa - eg visste han arbeidde der. Eit stykke frå høyrde eg han song dette verset av Wexels:

"Tenk når en gang jeg uten synd skal leve,

hver tanke ren, hver gjerning uten brist,

når aldri jeg behøver mer å beve,

for muligheten av en syndig lyst."

Eg forstod med ein gong at her var eg på "heilag grunn". Far hadde ei stund med seg sjølv og sin Gud der eg ikkje skulle bryta meg inn. Difor snudde eg og gjekk attendc til huset. Mitt arbeid var ikkje så viktig nett då. Det hasta ikkje slik.

Far kjende nok og på fall og nederlag og synder han ikkje blei kvitt. Og synda var ei plage for han, og han vann ikkje råd med det som budde i hjarta hans. Då såg han fram mot ein ny dag då alt dette var slutt. Eg sa aldri til han at eg hadde høyrt songen og trekt meg stille bort. Der er stunder i livet vårt me skal ha for oss sjølve. Dei er mest heilage for oss då. Men i himmelen vart det nok notert.

Seinare har eg skjøna meir av det far kjende på i den stunda. For eg har sjølv hatt slike heilage stunder borte frå folk. Me ynskjer ikkje å blir forstyrra då. Og det var vel ei slik stund som låg bak denne strofa i songen: "Når eg og Jesus åleine er, då ynskjer eg ikkje meire her." I vår travle tid skulle me hatt fleire slike heilage "øyeblikk" med Gud. Det ligg mykje kraft der.


3. Til bedehuset.

Ikkje alle hendingar i livet vårt er me stolte av - heller ikkje reint menneskeleg. Eg har fleire slike dagar i mitt liv som eg ofte har skamme meg over.

Ein av dei var merkeleg nok ved eitt av bedehusa heime. Ein kveld det var møte der - og på same tid var det dans på ungdomshuset. Eg var ein stad i dei første tenåra.

Det gamle bedehuset i Osen låg den gongen ved ein sideveg til vegen til ungdomshuset. Bedehusvegen var forresten ein del av det me kalla "kjærleiksstien". På vegen til ungdomshuset var det altså eit kryss der bedehusvegen tok av.

Eg hadde sykla ikr. 4 km til dette møte, og det var nok haust eller vinter. For då eg nådde fram var det mørkt og eg hadde lys på sykkelen. Eg høyrde spel og song frå ungdomshuset, og mange unge gjekk langs vegane. Det må ha vore ein laurdagskveld - då var det oftast dansefest.

Som dei andre sykla eg bortover vegen til ungdomshuset, men ingen var nær meg. Eg visste berre at nokre kom etter. Då eg skulle ta av den gamle og smale vegen til bedehuset, heitna eg i kinna. Tenk om dei kjenner meg, og kva vil dei seia etterpå? På den tida var det ein kamp å vera ein kristen. Det kosta kameratskap og vener. Kva skulle eg gjera nå?

Eg slo av lyset på sykkelen. Eg kjende meg feig og redd og ynkeleg liten der eg prøvde å finna leia og vegen. Stille sette eg frå meg sykkelen ved bedehusveggen, såg meg litt ikring før eg smatt in bedehusdøra.

- Ikkje noko å skryta av nei. Men det har vore ein tankevekkar ofte seinare. Eg våga ikkje å heisa flagget reint og fritt og visa at eg var ein kristen. Sjølv om dei fleste som kjende meg, visste det frå før!

Og det store underet for meg er at eg vart bevart som kristen. "Nåde at han fant meg, nåde at han bar meg til sin fold."


4. I militæret.

Eg vart norsk soldat i 1953, og fekk plass i Somaleiren ved Sandnes. Luftvernartilleriet var våpengreina der då. Og der hadde eg fleire opplevingar som kristen. Første dag er kanskje mest spesiell på ein slik stad. Og eg visste det var best å tona flagg så tidleg som mogeleg. Men korleis skulle eg gjera det?

Den første dagen vart eg plassert på eit 12 eller 16-mannsrom i ei gamal tyskarbrakke. På vegen bort til brakka gjekk me forbi eit hus der det stod om lag slik: "Kristent soldatlag." Ein av karane banna og ropte: "Senk farten, her er det kristne!" Eg skjøna alt då at det ikkje var søndagsskule eg var komen til.

Då me skulle leggja oss og det gjekk mot rosignal, vart det litt banning og laust snakk. Eg var sist som skulle i seng, og eg tenkte sterkt på korleis eg skulle få visa at eg var ein kristen. Ein av karane hadde ein gitar som låg på eit bord. Han hadde spela ein trudelutt før han gjekk til ro.

Eg kunne tri-fire grep og spurde eigaren om å få prøva gitaren. Eg sette meg på bordet og klunka litt i C-dur. Etter ei stund to eg til å nynna - mest som for meg sjølv: "Jeg har vandret med Jesus i mørke og lys --- Hvilken lykke og fred, ja vidunderlig fred som jeg har…."

Då var det stille i brakka. Ein sa: Syng eit vers til! Det gjorde eg og la meg lukkeleg den kvelden. Eg hadde vist kven eg var. Minst tolv gutar visste det nå. Ein lukkeleg soldat sovna - han hadde vitna om sin Frelsar.


5. Til ei ny brakke.

Etter ei tid i militærleiren skulle me flytta. Då vart det eit mindre rom - eg trur me var 4 mann der.

Dei eg kom saman med nå var nye folk. Igjen måtte eg tenkja på korleis eg skulle få vitna om Gud. Eg hadde fått underkøy denne gongen og hadde ein krakk til nattbord. Då eg hadde lagt effektene mine på plass i skapet slik det skulle vera, var det sengetid for soldatane. Alt skulle gå føre seg til rett tid før rosignal og alt vart stille.

Kva skulle eg gjera nå? Her var ingen gitar eller andre hjelpemedel.

Då fann eg fram det vesle Nytestamentet mitt og la det på krakken ved senga mi. Dei andre såg det, og eg fekk berre ein kommentar, hugsar eg: "Å ja, du er ein som les i Bibelen!"

Så hadde eg fått sagt frå denne gongen også. Det var ikkje så lett for meg å stå fram midt på golvet og seia: Hei, eg er ein kristen!

Men eit lite NT var ein fin ambassadør for meg, som tala eit språk alle skjøna. Og gutane visste kor dei hadde meg.

Her vart eg buande resten av soldattida. Men eg kan ikkje minnast at nokon hakka på meg for mi tru. Ein gong prøvde ein kar seg på meg. Han ville ha meg med på ein syndig veg. Eg svara nokså kontant: Nei, det gjer eg ikkje. Det var igrunnen lett å svara slik når eg hadde vist kven eg var. Då såg han på meg og sa: Nei, du vil vel ikkje det, du.

Han visste korleis ein kristen var!


6. Mitt første vitnemål.

Det er søndag kveld og møte i Osen bedehus. Ingen talar var med, men bedehusformannen leia møtet. Me var tre-fire unge og fleire vaksne og eldre. Det må ha vore i 1950-51.

Alle dei som brukte å vitna, hadde vore oppe å "tala". Nokre av dei tala lenge og godt. Eg skjøna ikkje alt dei sa, eg tykte dei brukte mange vanskelege ord.

Dei andre unge reiste seg òg - med enkle vitnemål, bibelvers og songar. Berre eg sat att.

Då snudde formannen seg og såg på alle - og sa: Me syng eit vers til, hvis det er ein til som vil seia noko. Det brann i kinna mine då. Berre eg sat att. Og han hadde sett det, det var ikkje fleire. Kva skulle eg gjera nå? Eg hadde aldri reist meg på eit møte før. Eg trur ikkje det var så vanleg at dei unge var snare til å reisa seg heller. Det var dei gamle som skulle tala, og me skulle høyra.

Eg sat og fomla med det vesle Nytestamentet mitt og hadde funne eit vers eg var glad i. Eg trudde det var til meg. Det høvde i alle fall godt i mitt liv.

Så reiste eg meg. Skjelvande og usikker og redd. Ordet las eg. Det var kort: "Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus," (Rom 8,1). Eg fekk stamma fram at eg tykte det var godt for meg, eg trudde det var mitt ord. Og eg hadde fått sagt til sambygdingar at eg ville høyra Jesus til. Difor var det ein glad gut som sykla oppover dalen den kvelden.


7. Åleine kristen.

Eg veit ikkje av at nokon av dei eg gjekk i klassen med eller vart konfirmert saman med heime, var kristne. I dag kjenner eg ikkje til korleis alle har det.

Difor var eg ofte åleine heime so kristen ungdom. Eg hadde fire km å sykla til møte i yngres og der det oftast var møte søndagskveldane.

Difor var det ikkje alltid lett å vera frimodig eller tru at alt var rett med meg. Og kvifor skulle eg vera ein kristen når alle andre gjekk på dans?

Ein talar så noko ein gong som eg hefte meg med, og som blei til hjelp for tanken min på dette området. Eg trur det var rett, og han sikta vel til ungdomen som var på møtet: Det treet som har vakse opp åleine, har sterkaste røter. Og det klarar seg best når det kjem storm.

Eg skjøna kva han meinte, og han sa det vel klårt også.

Seinare har eg ofte tenkt som i songen: "Å, jeg undres hvorfor Jesus stanset meg og opp meg tok-."

Kvifor skulle nett eg få nåde til å ta imot Guds kall til frelse og vera med i arbeidet i Guds rike og misjonen. Eg veit vel at eg ikkje fortente det. Eg var ikkje eit hakk betre enn dei andre i klassen.

Difor må eg synga så ofte: "Han søkte meg i nåde som gikk på syndens vei. Han fant meg…."


8. Bestefars bibel.

Eg har eit gamalt og stygt NT heime. Eg bad mor om å få det ein gong. For det har eg etter bestefar som eg heiter etter.

Det er skittent med sunde og lause blad, og det passar ikkje i bokhylla i stova. Men eg har teke vare på det med stor vyrdnad.

Eg ser bestefar Nils for meg. Han arbeider ute på garden. Han var haugianar og tok sin kristendom på alvor. Så strevar han med åndelege spørsmål, legg spaden frå seg, har ikkje tid å vaska hendene. Han går berre inn i stova, grip boka og må lesa. Han måtte sjå kva det stod i boka den dagen - og fingrane set sine merke der. Gule og mørke blad fortel om mange timar attmed Bibelen.

På denne måten vart han kjend i den gamle boka. Han hadde funne gode vers og mykje mat for sjela. Kort før han døydde, bad han mor om å få sjå vesleguten som nett var komen og som var kalla opp etter han. Mor fortalde at han gjekk inn på salen, såg på guten før han la hendene på hovudet hans og velsigna han. Det var det siste han gjorde på denne jorda.

Den dagen han slokna, retta han hendene opp og mest ropte ut: "Gid du vilde agte paa mine Bud Da skulde din Fred vorde som en Flod, og din Rettferdighed som Havets Bølger," Jes. 48,16. Og dette verset vart sett på gravstøtta hans. Det var ikkje uttrykk for ei lovisk tru, men for djup respekt for Guds heilage Ord.


9. Omvendt i lyn og tåke.

Ein kald haustdag skulle eg gå etter posten - eg trur det var i 1948 eller 49. Far var ordførar då og fekk mykje post. Me måtte henta han på ein gard lenger nede i dalen der postkassane stod då.

Det regna og såg ut til å verta torevér. Men det var min tur å gå, og ingen diskusjon nytta då.

Eg fann posten og var på heimveg. Då måtte eg gå over ei bruk over ein bekk - den var litt annleis i den tida enn nå. Rett før eg kom til brua skar eit lyn over himmelen - eg tykte det gjekk rett framfor meg. Eg måtte berre stansa opp, stiv som ei støtta.

Den første tanken som slo meg då, var dette: Dersom det lynet hadde truffe deg, hadde du ikkje gått til himmelen. Den andre plassen eg kunne koma til, våga eg ikkje å tenkja på ein gong. Og eg følte lynet ville ta meg.

Det gjorde det nok ikkje. Men opplevinga var likevel dramatisk. Eg stansa og sa til Gud: Nå skal eg bli ein kristen. For eg visste med meg sjølv at eg var ikkje ferdig til å døy, ungguten eg var. Skulle eg døy, måtte eg møta Gud først til oppgjer og omvending. Sjølvsagt visste eg lite om kva det var eigentleg. Men frå mi sida var i alle høve tanken klår og bestemt: her og nå skal det skje same kva folk flest seier.

Sein på heimvegen var eg slett ikkje. I fullt firsprang bar det opp brekkå på andre sida av brua, snudde av frå hovedvegen og inn gardsvegen. Heime kasta eg posten inn på bordet til far. Han såg visst litt opp på ungguten og tenkte vel sitt. Svært til hastverk han har i kveld. Men avisa og brevene samla vel interessa hans då og eg for på loftet på rommet mitt. Eg låg forresten saman med yngste bror min på same rommet då. Men me hadde kvar vår seng. Dei stod på kvar side av rommet. Eg trur han alt hadde lagt seg.

Eg kledde av meg i ein fart. Tankane sprengde hovudet nett nå. Tid til prat vart det ikkje. Eg måtte få tida for meg sjølv, tenkja litt alvorleg.

Under dyna snudde eg meg, kan eg minnast, og bøygde kne oppe i senga. Eg var for feig og skamfull til å bøya kne ved sengekan­ten. For å vere skikkeleg skulle det vel helst vore slik. Men det fekk ikkje hjelpe. Med dyna godt over meg, låg eg framfor den levande Gud og trygla om hjelp: eg bed om tilgjeving for mitt liv og alle syndene mine. Kan eg få bli frelst nett nå?

Han svara meg ikkje høgt slik profetane fekk det i den gamle pakta. Men ungguten hadde høyrt frå Skrifta og lese litt sjølv. Han visste at Jesus tilga synderar. I den stunda kjende eg meg som ein syndar om eg ikkje kunne peika på dei store syndene moralsk sett. Eg må helst seia det. Ikkje hadde eg drukke meg full og ikkje røykte eg. Eg var ikkje på dans eller kino, og hadde ikkje vore mot jenter som eg ikkje skulle. Det var ikkje det som plaga. Men det var noko inne i meg, det plaga meg.

Men eg fekk svar. Eg trudde han tilgav i den stunda. Eg somna så godt etter det. Eg hadde fått hjelp. Eg var fri. Og vissa om denne tilgjevinga fekk eg avdi eg visste at Bibelen sa det. Nokre svære kjensler og brus hadde eg ikkje. Det var ei erkjenning i mitt indre av mi synd, og ei tru på Ordet sin grunn at Gud tilga.

Seinare plaga det meg sume gonger at eg var blitt ein kristen av otte og redsle. Eg høyrde folk sa at då var det ikkje rett. Det kunne ikkje halda om eg kom på den måten. Sjølve opplevinga mi kom eg i tvil om og seinare. Serleg når eg høyrde ein streng predikant som berre tala om ei slag oppleving. Det var ein vond vinter.

Med tida las eg òg at Luther opplevde det på ein slik måte. Men mi oppleving var ikkje herming etter ein stor mann. Dette hadde eg nok ikkje høyrt stort om då eg opplevde tòreveret i ei lita bygd i Ryfylke. Då var det eg som møtte Jesus - eg åleine. Og det er ei rett omvending.


10. Bibelord på ljåen.

Tønnes budde i ei bygd på Sørlandet. Sumaren 1958 var det teltmøte i den bygda, og han var ikring 50 år og ufrelst då. Det samla seg mykje folk, og teltet var tema for mange samtaler dei vekene det stod godt synleg i bygda.

Ein onsdag i slutten av juli bøyde han seg for Gud. Teltet stod då på 5. veka.

Men Tønnes kunne ikkje få tru seg frelst. lenge gjekk han å grubla over dette. Kvifor var det slik for han når fleire andre stod opp og vitna frimodig om kva dei hadde fått av Jesus? Var det ikkje von for han?

Ein dag i slåtten gjekk han ute og slo med longorven. Då slo det ned i han, ein kort setning: "Min nåde er nok åt deg." Han visste ikkje kor det stod, men trudde vel det var i Bibelen ein stad. Men det vart så stort for han og løyste han ut or striden han hadde. Nå skjøna han det! Alt var berre nåde! Han skulle ikkje gjera noko sjølv. Jesus hadde gjort alt.

Dette ordet måtte han ikkje missa, og over 40 år etter fekk eg høyra korleis det skjedde. Han hadde korkje blyant eller papir. Så tok han ein spiker. med den rissa han inn bibelverset på skaftet på ljåen. Og der vart det ståande! Til minne om ein salig dag då ljoset rann.


11. Predikant

Eg var meg vel ikkje bevisst at eg skulle bli predikant heile livet. Men eg hadde bala med dei tankane frå eg var barn. Og eg hadde prøvd meg på det nokre gonger "på lesta".

Den eine gongen var heime på guterommet ein søndag ettermiddag me kom frå kyrkja. Eg hadde sett presten messa og preika. Denne dagen trur eg det kom folk heim til oss, utan at eg veit nå kven det var. Me gutane gjekk då på rommet vårt på salen og leika. Då gjekk eg opp i senga, tok eit laken eller ullteppe rundt meg som prestedrakt og tok til å messa: a-a-men. Dei hysja på meg og tykte vel presten var litt uvanleg.

Ein annan gong var eg og yngste bror min ein tur opp i lia. Eg veit ikkje om me hadde ærend. Det var om våren. Eg gjekk opp på ein stor stein og tok til å halde 17. mai tale for han - om Norge og fridomen.

Det som kom nærast ein predikant var nok talen til sauene. Det var etter at eg var blitt ein bevisst kristen og eg var nok tidleg i tenåra ein stad. Det var slik hjå oss at sauene var inne om natta og måtte hentast om kvelden. Om morgonen skulle dei så avstad til beite lenger aust i marka. Fleire gonger gjekk eg med dei. Og då eg hadde lukka grinda att og skulle snu heim, stilte eg meg opp ved grinda og heldt tale til sauene. Eg hugsar eg tok med meg eit Nytestamente og les for dei og prøvde å leggja ut Ordet etter fatig evne. - Så vart dette det meste av livet mitt eg vart oppteken av.

12. Kona med saltet.

Eg hadde møte i ei bygd, og ein dag vart eg beden om å vitja ei gamal kone. Ho var skral og kunne ikkje gå på møtet. Men ho ville tala med predikanten.

Kaffi kom på bordet, og drøsen gjekk. Eg måtte fortelja om mitt liv, og ho sa litt om korleis ho hadde levd. Så det vart ei utveksling av erfaringar i truslivet.

I samtalen sa ho mellom anna: Eg finn så mykje fint om Jesus i Kolossarbrevet, om Jesu kross og død. Det brevet likar eg godt og les det ofte. Der måtte eg vera samd, og eg las nokre vers for henne om han som sletta ut skuldbrevet vårt.

Då eg skulle gå, sette ho kvasse augo i meg og sa med sterkt trykk: Du må ikkje gløyma å ha salt i talen!

Der stod eg - det demra for meg kva ho meinte. Alvoret måtte fram. Ordet om synd så vel som om nåden. Ordet om to utgangar av livet, dom og frelse.

Hugs saltet! Det fylgde meg i lang tid.


13. Fars bøn.

Ein gong var eg i stor naud. Andre menneske fôr med sladder og urett snakk og skapte vanskar for meg. Eg kjempa litt då, både om kveldar og dagar. I slike stunder veit me ikkje alltid kva me skal gjera, og me kan lett fara feil.

Ei tid etter fekk eg brev frå far. Han hadde vakna midt på natta for ikkje lenge sidan og vart minna om å be for guten sin. Han visste ikkje kva det var, eg hadde ikkje fortalt om min strid. Men han skjøna det var noko som stod på, og difor tala han med sin far om saka.

Nå skreiv han om det. Eg sa aldri kva eg streid med då - eit og anna skal me visst ha for oss sjølve. Men det gjorde godt å vita at Gud kjende mi stoda og fann ein som ville bruka litt av natta i bønekamp.

Men eg sende far takkebrev.


14. Mitt første ja.

Ein gong i slutten av barndomen sat eg på bedehuset på møte der heime. Eg var truleg 11-12 år. Ein predikant tala. Eg hugsar korkje tekst eller kva han sa. Det er visst mykje som går i gløymeboka.

Men mot slutten av møtet sa han noko som hengde seg fasti tanken: Hvis du vil bli ein kristen nå, kan du falda hendene dine der du sit og seia: Jesus, eg vil bli din.

Det gjorde eg, og meinte det i fullt alvor den kvelden. Eg ville vera i lag med bedehusfolket, for eg ville til himlen.

Men! Denne stunda vart nok snart gløymd og eg vart den same guten att. Likevel låg det der. Eg hadde sagt eit ja og ville til Guds himmel.

Seinare lærte eg eit bibelvers - eg lærte det på bokmål i den gamle omsetjinga: ”Hvem vil forakte den ringe begynnelses dag?” Sak. 4,10. Eit lite frø var sådd, og seinare fekk eg venda om til Gud.

15. Predikanten på Mo.

Ein gong i barndomen var eg på møte på bedehuset. Og det møtet gløymde eg aldri. Truleg var det ein ung og ny predikant. Kanskje var han ute på reist for første gong.

Han hadde skrive preika si, på fleire ark. Så stod han på talarstolen og las og preika. Kor ”godt” det var, veit eg ikkje nå. Men plutseleg seilte alle arka ut frå Bibelen og frametter midtgangen framfor talarstolen.

Truleg var han både raud og blå av skam og rådløyse. Han summa seg likevel, gjekk ned dei to-tre trinna og plukka arka opp. Eg vil tru han ikkje kjende seg sers høg i den stunda.

Han kom opp på ’stolen’ att, sa truleg noko om hendinga og ei orsaking. Så vidt eg hugsar heldt han fram - så snart han fann sidetalet!

Eg hugsar eg tenkte: Når eg blir predikant, skal eg ikkje ha lause ark. Det er for risikabelt!


16. Kr. 1,75.

Det var rett før påske i 1952. På bedehuset var det møtet, og formannen leia. Etter møtet sa han at han hadde ”Påskeboken” for sal, om nokon ville ha. Han kom til meg og sa: Du vil vel og ha ei slik bok? Det var bibelskulen i Staffeltsgata i Oslo som ga ut boka då.

Eg sa som sant var at eg ikkje hadde pengar med meg. I den tida gjekk me ikkje rundt med lommeboka eller hadde pengar på oss. Påskeboka kosta kr. 1,75. Men formannen sa: Berre ta boka du, eg ser deg alltid seinare, så kan eg få betaling då.

Og boka vart med meg heim - og alle stader der eg seinare har flytta. Men betalinga vart gløymt.

Heilt til eg stod i vekkjingsmøter ein stad på Vestlandet. Ein sein kveld etter eit stridt møte med mange på kne, kom påskeboka til meg att. Den har du ikkje betalt, sa samvitet. Så vidt eg visste, levde ennå formannen.

Og same natt reiste eg meg opp, fann skrivepapir og skreiv til den gamle formannen og ba om orsaking. I brevet la eg ein blå fem-kronesetel: Her er betaling og renter.

Ei tid etter var eg heime hjå foreldra mine. Då kom formannen syklande. Han takka for brevet og sa: Du sende for mykje, eg skal ikkje ha meir enn 1,75. Eg stamma noko om rentene, men han sto på sitt: Eg hadde gløymt alt saman, sa han, og det er nok med det bladet kosta.

Ein gamal bedehusformann var truleg glad i hjarta. Han skjøna ein av gutane i bygda hadde eit vart samvit. Mitt hjarta var og glad og letta. Eg hadde gjort opp.

Påskeboka står framleis i bokhylla mi.


17. Bestemor får eit syn

I 1905 døydde bestefar. Han fekk lungebetennelse og måtte sendast med båt til sjukehuset i Stavanger. Det var ein sjukdom til døden i den tida.

Bestemor var og sjuk og låg på salen. Då båten kom frå byen med flagget på halv stang, sa: Det er mannen min. Ho hadde 9 born - den minste var eitt år gamal. Trygd og pensjon var ikkje oppfunnen for vanlege folk, og ho tenkte nok med gru på framtida.

Ei natt hadde ho ei slik tung stund. Ho visste ikkje om det var draum eller eit syn Gud spanderte på henne. Ho var langt frå overspent. Men ho såg det soleklårt:

Nede ved enden av senga kom Jesus gåande, han bar krossen med seg. Ved fotenden nikka han til henne og gjekk vidare.

Den morgonen var det klårt for den 43 år gamle Åsa: Jesus bar krossen for henne til Golgata, og nå ville han bera henne vidare. Framtida var ukjent, men Jesus var med. Ho fekk leva i 44 år til før ho møtte mannen sin att. Og det ho såg den natta i 1905, var sanning for henne kvar dag. Trass i to store krigar, fekk ho røyna det misjonsbodet seier: Sjå, eg er med dykk alle dagar.


18. Ein slurk brennevin.

Eit lite feilsteg kan få fylgjer, og er me ikkje redd synda er det lett å falla. Det hadde eg lært. Ikkje alltid har eg vore på vakt, det er mi sorg. Men ein gong var det levande klårt for meg at det vonde måtte eg flykta frå.

Ein laurdagskveld var eg saman med ungdomsflokken, og me rek langs vegane. Då møtte me og ein kar som hadde flaske på baklomma. Som vanleg var han ivrig etter å spandera. Du må prøva ein liten slurk, sa han til unggutane. Mange smakte, og harka og hosta for å få det ned.

Eg stod for tur. Nå, Nils: du må og prøva.

Då kjende eg otten i meg. Far hadde sagt: Ta aldri det første glaset, då er du ferdig.

Eg var ikkje modig eller karsleg. Men eg stamma fram eit nei, tok sykkelen og fôr på heimveg. Eg ville ikkje ta det første glas.

Det er ein god regel å halda seg til i alt som er fårleg. For freistingane kan ofte vera sterkare enn viljen. Har ein først teke det første steget, vil ofte det neste koma mest av seg sjølv. Gud vil nok seia oss: ta ikkje det første glaset.


19. Eit knust glas.

Ein kveld sat eg heime åleine. Eg var tyrst og ville finna meg eit glas vatn. Det var vel ikkje noko galt i det? I kjøkkenskapet fann eg eit av desse små glasa me brukar til kvardags. I springen var det kaldt og godt vatn. Det skulle smaka nå!

Eg måtte ta det inn i stova, der sat eg med ei god bok og levde meg inn i ei framand og spanande verd.

Då hende ein av desse småtinga som ikkje skal henda: Eg snubla i teppet og miste glaset! Vatnet rann utover - du store tid.

Det var ikkje det verste. Glaset - kor var det?

Heile bordet vart fullt av støv. Og golvet rundt, det flaut over alt. Glasstøv dekka teppet og stolen. Kva skulle eg gjera nå?

Og medan eg prøvde og renska opp etter meg, kom tankane: Slik er det å bli knust. Det er ingen ting att, og det kan ikkje reparerast. På den tida hadde eg bala med bibeltekstar om påske. Der stod det at Jesus vart knust - for oss. Slik var det altså. Totalt borte, øydelagt, kunne ikkje bli berga med mannehånd.

Då vart det ei lita andaktsstund for meg. Ei nådestund. For det var eg som skulle vore knust, i ei evig fortaping. Men Jesus tok plassen min - og straffa. Eg var altså fri. Her sat eg i stova og fekk gleda meg: eg gjekk fri - for han vart knust!


20. Datamaskinen - ein predikant.

Alle har ein datamaskin i dag, i alle høve 99,9%. Ungdom og eldre kan bruka denne vidundermaskinen. Sjølv om der er mange finessar me sjeldan bruker og mykje me ikkje kan, så er han utruleg nyttig.

Datamaskinen har til og med vore predikant for meg. Og eg lyttar til han med ope sinn. For han har fleire punkt på preikene sine.

Eit av dei er denne: Ein av knappane heiter ”Delete”. Det er ein god knapp, men også fårleg. Trykkjer eg på den, forsvinn noko ut av maskinen. Har eg laga ”område” av eit brev eller eit langt dokument, er det borte og vekk med eit lite tastetrykk. Det skal ikkje meir til.

Då sa han til meg: Lag eit område av ditt gamle liv med alle dine synder - og trykk på knappen. Så er det borte. Og knappen er Jesus. Han rår med alt.

I sume dataprogram kan eg angra det eg har sletta ut slik. Eit lite klikk - og alt saman er på plass att. Det er nyttig. Kor ofte har eg ikkje angra, og så fått retta det opp att. Jesus gjer det og.

Men i eit par andre program eg brukar, kjem det nokre gonger meldinga: Kan ikkje angra. Vis eg trykkjer på knappen då, vil eg aldri sjå det att. Det er borte for alltid. Slik er det når Jesus tek mine synder. Men du kor fårleg det er om eg trykkjer JA når Jesus kjem med sitt kall. For slik er det i fortapinga. Der kan du aldri angra. Det er for alltid for seint.

Nils Dybdal-Holthe