Monday, June 4, 2007

16. Jens Zetlitz

"Glædens muntre sanger" -

Av Nils Dybdal-Holthe.

Soga om Zetlitz.

Diktarpresten Jens Zetlitz lever ennå i minnet hjå eldre folk i fleire bygder. Han var oppvaksen i Stavanger, kapellan i Ly på Jæren, prest i Vikedal i Ryfylke og seinare Kviteseid i Telemark. Han sette slik merke i bygdene at endå i mi ungdomstid song me viser av han.

Han var sant nok prest. Han utførte sikkert tenesta si rimeleg bra i høve til andre prestar på den tida.

Men han var og diktar og ikkje lite av ein folkeleg person som visste korleis folk tenkte og dermed kva dei likte. På den måten møtte han folk på heimebane.

Likevel - det var kanskje ikkje alt han gjorde som var like vel. Eg møtte ein eldre mann i ei bygd og spurde etter Zetlitz, om han kjende han? Han såg granskande på meg og sa litt kjapt: Er du i slekt med han? Då er det best eg passar meg.

Eg kunne forsikra at eg nok ikkje var etterkomar av han så langt eg visste då - og samtalen kom i gang. Så merke har han sett etter seg og mange segner går om han.

Han sette og merke etter seg på anna vis. Reint gløymt vart han ikkje litterært sett. I eldre leseverk var det dikt av han - sjølv om dei har skrumpa inn til eitt einaste i eit av dei siste. Og i leksika og sogebøker er han med.

Axel Coldevin skriv t. d. i eit historieverk om Det norske Selskab i Køvenhavn at då glanstida var slutt med Wessel, kom det "en etterblomstring under Jens Zetlitz, Jonas Rein og Lyder Sagen".

Og i Aschehougs Konversationsleksikon er han omtala som norsk diktar, "død som sogneprest til Kviteseid". Her skriv dei om han at "hans forsøk i folkelig digtning er belærende og moraliserende efter tidens smak, men rummer ikke megen poesi. Høiest naar han i sin naturlyrik og i sine selskabs-og drikkeviser; sidstnævnte skaffet ham i samtiden hædersnavnet 'glædens muntre sanger'".

I eit seinare leksikon er ei anna vurdering av han i ei setning: "Det er fart og lyrisk varme over hans diktning." Det syner kanskje kor ulikt folk har sett og ser på Zetlitz sitt arbeid. At folk sette pris på dikta hans i samtida, kan vel "ærestittelen" eller heidersnamnet i ein viss mon visa. Då kalla dei han "Glædens muntre sanger".

Kristen Valkner nemner han med namn i Nordisk Teologisk Uppslagsbok i kapitlet Salmedigtning. Han reknar opp ein del salmediktarar og skriv så: "En lettere tone har opplysningstidens diktere, Claus Frimann og Jens Zetlitz..."

Interessant er det og at han er komen med i Kirkeleksikon for Norden. Her er han kalla "norsk præst og Digter". Her vert han vurdert som"munter og glad og poetisk begavet" og dermed "et skattet Medlem af "Det norske Selskab" i København. Her vert det og påpeika at "hans Digtning saavel som hans Forkyndelse bærer Præg af den belærende og moraliserende Oplysningstid, hvori han hørte hjemme, og det meste var mere velment end vellykket. Højst naaede han med sine Viser - han forstod at gribe den flygtige Stemning..."

Det er sikkert rett som fleire peikar på at hans diktarevner låg i naturskildring og dei meir lette selskapsviser. I alle høve var han ikkje ein salmediktar der verka hans har levd vidare. I nokre av salmane hans er det likevel nokre gode ansatsar. Bibelsk og teologisk tyngde kan ein likevel ikkje seia dei har om ein jamnfører dei med andre.

Korleis var så denne mannen?

Barndom og ungdom.

Jens Zetlitz var fødd 26. januar 1761 i Stavanger av foreldre Sigismundus Zetlitz f. c. 1725 d. i Holstein 19.9.1762, og kona Mette Christine f. Magnus f. 29. sept. 1735 d. 22. nov. 1772. Vesleguten låg framleis i vogga då faren døydde i leiren i Danmark/Tyskland.

Då Jens var 5 år, gifte mora seg om att den 9. desember 1766 med apotekar i Stavanger Andreas Borse (1732-1776). Men mora døydde då han var på 12. året. Stefaren, seier han, "føyede min Lyst til at studere, som man kalder det og sørgede for at jeg nød privat Undervisning i det latinske sprogs Elementer indtil 1775, da jeg blev optagen i den Bergenske Kathedralskoles 3dje Klasse". Året etter døydde stefaren. Dermed måtte han læra å stola på seg skjølv. Han tok artium i 1780/81. Etter dette var han dels i Drammen som huslærar hjå justisråd Stockfleth og seinare i Arendal hjå Søren Dedekam til 1786. Han budde så eit par år i Stavanger der han levde av å "informere" (vera lærar). Han måtte altså på eiga hand streva seg fram for å koma til København, som Kreutz Magnus skriv.

I september 1788 finn me han så i København der han m. a. skreiv dikt til kronprinsen som kom frå Noreg. I 1770 åra var det usemje mellom dei danske og norske studentane ved universitetet i København. I 1772 hadde dei norske studentane skipa sitt eige lag: "Det norske Literaturselskab" i motsetnad til det danske. Her møttes dei norske jamleg. Dei hadde møtebok og skreiv sine epigram der. dei vart seinare utgjevne under namnet "Poetiske Samlinger av et Selskab". Etter å ha skrive diktet: "At Slyngler hæves til Ærens Top, At Smiger meskes og Sandhed tigger..." vart det oppstand. Her viser Zetlitz seg som ein uredd refsar av dei etablerte som ikkje for rett fram. Han avslørte utan nåde korleis storfolk, rike og adelsmenn var. Då var det nær han vart opp-prylt, etter det han sjølv fortalde. Og det treng ikkje berre vera etterpå-skryt. Nokre år seinare fekk Peter Andreas Heiberg smaka det.

Medan han var i hovudstaden ga han ut sine første dikt, "Poesier" i 1789. Kanskje hadde han ambisjonar om å bli diktar.

Men alt i 1790 var han cand. theol. og vart same år tilsett som pers. kap. hjå Jens Bull på Ly på Jæren.

I Ly.

Alt året etter vart han gift med prestedottera der, den yngste av Bull sine døtre. 10. september 1791 stod bryllaupet med Maren Elisabeth Bull f. 11. sept. 1761 d. 20. jan. 1801. Desse to var forresten noko i slekt - av Kielland-familien. Dei var firmenningar etter Morten Seehuusen og Elisabeth Godtzen nedf. Ho gjorde han til "den lykkeligste Mand", skriv han i kallsboka.

Han heldt fram som pers. kap. i Ly der 3 born vart fødde. Det fjerde barnet vart fødd i Stavanger i 1799 den 6. januar. Han har truleg halde til der ei stund.

Han skreiv nye dikt på Jæren. Minst to samlingar kom ut då: "Sange for den norske Bondestand" i 1795 og og "Psalmer" same år. I 1800 ga han ut "En norsk Høst", truleg før han reiste til Vikedal. Skriftet er trykt i København og Zetlitz er då kalla "Sognepræst til Vigedal". Truleg har han fått det trykt i hovudstaden då han var hjå kongen for å få nytt embete. Då det var klarlagt, gjekk boka i trykken. Dette var elles same år - om sumaren - då lekpreikaren Hans Nielsen Hauge var i København for første gong, også han for å tale med regjeringa og få bøker trykt.

Til Vikedal.

Same år, den 3. januar 1800 vart han sokneprest i Vikedal der han vart i 11 år. Her kom eit dødfødd barn - det og ei jente. Det vart til stor sorg for dei båe. Det "ble Aarsag til at den Ædleste Qvinde aflod ganske at see den, og jeg nogensinde at see den ret blid mere, denne sørgelige catastrophe indtraf i Begyndelsen af 1801 - kort efter at jeg var flyttet til Wigedahls Kald". Slik skreiv han i kallsboka i 1811.

Maren Elisabeth - eller "Elisa" som han kalla henne - døydde etter dette barselet den 20. januar 1801.

Med første kona hadde Zetlitz desse borna:

a) Axeliane Christine Zetlitz f. i Ly 8. juli 1792 d. i Stavanger 15. febr. 1855 g 1811 med Jacoob Kielland f. 14. des. 1788 d. 1863. Han var konsul og kjøpmann i Stavanger. Dei var nær i slekt som søskenborn. Mødrene deira var søstre. Dei vart besteforeldre til diktaren Alexander Kielland. Foreldra til diktaren var Jens Zetltz Kielland (1816-1881) og Christiane Lange (1820-1862).
b) Mette Christine Zetlitz f. i Ly 12. des. 1794 d. som ugift i Stavanger 1. april 1853.
c) Johanne Margrethe Zetlitz f. i Ly 28. aug. 1797 d. i Stavanger 1888 først gift 1817 med Ole Smith Ploug (1788-1824) - han var handelsmann i Stavanger og dei hadde 3 born. Ho gifte seg om att 1825 med Fredrik Petersen (1800-1840). han var og handelsmann i Stavanger. Dei hadde ei dotter.
d) Kirsten Seehuusen Zetlitz f. i Stavanger 6. jan. 1799 død som ugift i 1878.
Desse fire borna hadde han og kona med seg til Vikedal då dei kom inn fjorden med båt i året 1800. Som me ser vart ingen av dei verande i den bygda.
e) Dødfødd jente i januar 1801 i Vikedal.
Då både kona og barnet døydde i desse kalde januardagane 1801, vart presten tung i sinn. Han må kjend seg sterkt knytt til kona og han freista nok å dylgja sorga best han kunne. Tidleg vart han truleg kjend med familien von Krogh i Hogganvik. Dei høyrde så absolutt til den øvre "sosieteten" i bygda. Soga om denne familien i Vikedal skriv seg attende til 1722 då oberst Christoffer von Krogh og kona Marie de Fine kom dit og kjøpte halve garden. Den andre halvparten kjøpte han to år etter. Då kongen selde kyrkjene i Noreg i 1720 åra, kjøpte von Krogh fleire av dei i distriktet, m. a. kyrkja i Røldal. Dei hadde 7 born og to av døtrene vart gift med prestar, i Hjelmeland og Askøy. Son hans generalmajor Søren de Fine von Krogh var gift to gonger, med Anna Marie Stockfleth (1734-1769) og Cathrine Nicolava Frørup (1741-1803). Han hadde 14 born i alt. Den eldste dottera Maria vart gift med presten Michael Baade i Vikedal og den nest yngste vart andre kona til Zetlitz.
Vel året etter at første kona døydde, gifte han seg om att med Christiane Sofie Fasting von Krogh. Ho var fødd i Vikedal 9. februar 1780 og altså 19 år yngre enn Jens Zetlitz og døydde 11. februar 1867. Bryllaupet stod i Vikedal 21. mars 1802. Og det var dette han gløymde å føra inn i kallsboka og føyde det til mot slutten. Men ekteskapet er ført inn i kyrkjeboka på vanleg måte. Det var prost Dybdahl i Skjold som vigde dei. Ho var slik enkje i 46 år og -

Dersom Zetlitz trudde at ho skulle fylla plassen til hans kjære "Elisa", tok han grundig feil. Var det første ekteskapet "9 lukkelege år", som Kreutz Magnus seier, vart det neste eit sørgeleg kapitel. Det er ikkje godt å seia kven si skuld det var. Kanskje han gjekk for raskt inn i det? Nå var det nokjså vanleg å gifte seg kort tid etter at ektefellen døydde i den tida.

Dei fekk tre born:
f) Søren de Fine von Krogh Zetlitz døypt 20. januar 1803 d. 28. febr. 1868 gift med Inger Marie Christoffersen d. 1843. Han vart cand. philos. 1832 og cand. theol. 1833 og var først sokneprest i Kautokeino frå 1836 og frå 1851 sokneprest i Byneset. Dei hadde to born.
g) Maren Elisabeth Bull Zetlitz døypt 6. nov. 1804 gift med bonde i Telemark.
h) Cathrine Nicolava Frørup Zetlitz døypt 25. mars 1807 gift med bonde i Telemark.

Den nye prestekona hadde altså 7 born å ta seg av der fire av dei ikkje var hennar. Kreutz Magnus er inne på at dette kan vere ei årsak til at det ikkje gjekk så godt. I alle høve varte det ikkje så lenge før Zetlitz si versøster Johanne Margrethe Kielland måtte ta seg av dei små - ho var søster til Maren Elisabeth. Ho henta dei frå prestegarden til Stavanger. Nå døydde ho i 1818 og mannen i 1821, men då var dei så vaksne at dei kunne klare seg sjølve og fekk for det emste tilhald i Stavanger.

Det ser ut til at Zetlitz var godt likt av folk flest i Vikedal. Han var vistnok ikkje nokon stortalar. Men han tykkjest å ha vore enkel og folkeleg i si framferd. Teologisk var han nok rasjonalist som prestar flest på denne tida. Frilyndt må han og ha vore, det ser me av dikta hans der han ofte konsentrrar seg om vin og verdsleg liv. Nokon haugianar kan han knapt ha vore korkje i tru eller liv.

Vikedal høyrde på denne tida til Kristiansand bispedøme. Då var den danske teologen og radikale rasjonalisten Peder Hansen bisp.

I 1802 kalla han saman prestane i Rogaland til eit møte i Stavanger. Han kom då med påbod om at prestane skulle ta i bruk "Den Evangeliske Salmebog", leggja av prestedrakta og sjølv velja tekstar for preikene.

Det var visstnok ikkje mange prestar som etterkom desse "framlegga". Heller ikkje Zetlitz høvde det for. Han fylgde heller ynskja frå kyrkjelyden og ville ikkje gjera dei imot.

Men eitt av framlegga fall i god jord i Vikedal. Dei skulle skipa lese-selskap eller "bibliotek" i bygdane for å heva folket si daning og på den måten vera med å jamna ut den store skilnaden det var mellom folk som hadde skule og dei fleste som ingen skikkeleg skulegang hadde.

Zetlitz var ein av dei som såg at det var naudsynt. Folkeopplysning låg nærare for han enn Hauge si vekkjings-forkynning. Me kan også sjå dette i songane hans der han syng om og for vanlege folk.

30. mai 1802 var Hansen på visitas i Vikedal, truleg i samband med møtet i Stavanger nytta han høve til å vitja ein del prestegjeld. Truleg har han tala med presten om eit leseselskap og, sjølv om det ikkje er skrive nokon stad. Han viste i alle høve interesse for skulearbeidet og har ein merknad i skuleprotokollen.

Alt 24. juli same år sende han ut innbyding gjennom lærarane til å skipa eit leseselskap i Vikedal. 32 personar møtte fram og betalte innskot. Dei fleste betalte 1 ort, medan presten betalte heile 1 Rd. To betalte 2 ort kvar, det var kaptein Fredrik Stockfleth von Krogh som var verbror til presten, og broren oberstløytnant von Krogh.

Innbydingsbrevet frå Zetlits syner oss ein vidsynt og framsynt mann kulturelt sett (forenkla rettskriving):

"Da det er en sak som ikke kan omtviles at ettertenksom lesning i gode bøker skaffer det fornuftige menneske en behagelig tidsfordriv i formørket utveder og beriktiger dets begripelse og således setter det i stand til både å gjøre dets kallsgjerning med bedre overlegg, og riktigere å bedømme møtende tilfelle. Da det ydermere er vanlig at mange av bondens få timer - særlig om helligdagene - enten sløses bort hos gjestgiveren, eller sløeses bort i fullkommen uvirksomhet, bare fordi han savner anledning til å anvende den på en mer morende og nyttig måte, og at en god bok ville gi ham denne anledning; så har jeg besluttet å forsøke om ikke her i Vikedal prestegjeld kunne bli opprettet et lese-selskap, slik det er skjedd i flere nabo-kall. Til den ende (formål) innbydes de menn og karer som er nedskrevet nedenfor å gå inn i et slikt selskap. De som akter å inntre i dette betaler 24 sk.. For disse pengene besørger jeg å kjøpe inn passende bøker. De skal komme i omløp blant selskapets medlemmer når selskapet først har antatt visse lover til å fremme orden og sikre bøkene god medfart."

Av dette brevet ser me og at lese-selskapet ikkje skulle vera eit ope bibliotek for alle i bygda. Det var eit lukka lag der medlemmene skulle betale kontingent og berre dei fekk låna bøker. Dermed var og ei rekke folk utestengde frå denne åndelege påverkinga, som husmenn, tenarar og dei mange innerstar og strandsitjarar som budde i Osen.

At dette var ein eksklusiv klubb ser me og av medlemslista. Her var offiserar, klokkar, medhjelparane, skulehalderar og (større) bønder. 4 ungkarar var og med. I alt kom det inn 9 Rd 1 ort. I tillegg fekk dei heile 5 Rd av G. S. Kielland i Stavanger som skulle kjøpe inn bøker frå København etter lista frå Zetlitz. Kielland var verbroren, gift med søster til første kona hans. Opningsmøte var i prestegarden 24. september 1803 - altså over eit heilt år etter innbydninga. Det tok si tid å skaffa litteratur i dei dagar. Etter lovane kunne og nye verta medlemer dersom dei "lovligen er bleven valgt" og betaler sine 24 sk.

Kva slags bøker fekk så Vikedals-buen å lese i dei mørke vinterkveldane og på fridagane sine? Her var fleire preikebøker og nokre nyttebøker om åker-og hagebruk m. a. Men her var og "Morende Historier for Bondestanden" og boka "Om Hexemestere". I samlinga var og ei bok om "Zetlitz Bondesange" som kosta 18 skilling.

Presten sette nok i gong ein "åndeleg" aktivitet med dette kring i mange heimar. Truleg har fleire enn dei som hadde betalt funne eit høve til å sjå gjennom desse forvitnelege bøkene frå prestegarden.

Ved sida av prestegjerning og arbeidet med leseselskapet var Zetlitz oppteken med diktinga si. Det gjorde han her i Vikedal og. Han skreiv reine "drikkeviser" og andre lettare viser tilliks med salmer og vakre naturskildringar. Det teologiske innhaldet er svakt i dei fleste dikta hans. Men det treng ikkje tyda at han sjølv var ein "drankar". Det motsette ser me nett i saka om lese-selskapet. Eit motiv var då å motverka at dei gjekk til gjestgjevaren for å drikka brennevin. Elles var det meir akseptert at også prestane tok ein dram då.

Han ga ut ei diktsamling medan han var i Vikedal og. Den kalla han "Sange for den norske Armee" i 1808 - truleg påverka av offisersfamilien i Hogganvik som han var mykje saman med. - Til slutt i dette skriftet er ein bolk med dikt og brev av Zetlitz.

Til Kviteseid i Telemark.

25. januar 1811 fekk Zetlitz så kall til presteembetet i Kviteseid i Telemark. Ved fleire høve hadde han nemnt at han måtte få eit betre (økonomisk) kall enn Vikedal. Han var i stadig og stor gjeld til svogeren Gabriel i Stavanger. Nå vona han på at "Hvidesøe" skulle verta betre.

Her fekk han ti år til han døydde i 1821. Året etter vart ei samling "Prædikener og Lejlighedstaler" utgjevne posthumt. Juristen og diktaren Conrad N. Schwach (1793-1860) ga ut Zetlitz sine samla dikt i 2 bind i 1825. Han skreiv og eit minnedikt til Zetlitz i 1821 då han var død, og det kom med i hans eiga diktssamling i utval i 1856: "Digtninger". Diktet syner at tapet av Elisa var vida kjend - det siktar tydeleg til det. Og han bar det med seg til Telemark. Me tek diktet med her:

Jens Zetlitz.

Høit mellem Thules vilde, mørke Fjelde
En Sanger gik med Lyren i sin Haand.
Dybt bøiet af sin dybe Kummers Velde
Med Vemod i den før så muntre Aand.
Fra forhen kraftig rige Strengeleg
kun sjelden, ak, og mat en Tone steg.

Hans Gud og Bragtes varme, tro Vendinde
har sandru nævnt det aldrig lægte Saar,
Som tidligt Tab af en tilbedet Kvinde
slog i hans Barm, hans Aand i Elskovs Vaar.
Ak, barnlig øm og skaldens hete Barm
den knuses let af Smertens Vredesharm.

Omsider brast det llænge syge Hjerte
Og Aanden fra sit Fengsel svang sig fri.
Forvunden er da nu hans gamle Smerte,
nu er hans lange Savn, hans kval forbi.
Fred over Graven da, som venlig, huld
har gjemt, o Skald, i moderfavn dit muld.

Naar Venskab sig i samlet krets vil fryde
skal Norges Pige synge dine kvad.
Naar Nordmenn vil sit Land et ønske yde,
Din skjønne Sanfge han skal gjentage glad.
Og friske Roser evig smykke skal
Dit Navn, du Glædens og vort Norges Skald.

***

Ættesoga.

Jens Zetlitz si soge går attende til m. a. Traneslekta og Losnaætta. Elles har han fleire presteslekter og andre av dei høgare samfunnslag i ættekrinsen sin.

Trane-slekta.

1. Christen Trane I. Den første me kjenner her, er Christen Trane som var gift to gonger. Som våpen hadde familien i Stavanger ei gylden trana i eit rødt felt. I den vesntre kloa heldt trana ei kule. På hjelmen hadde dei og ei gylden trana.
2. Sonen Christen Christensen Trane II f. 1533 d. 12.7. 1600 gm Magdalena, dotter til lagamnn i Stavanger Nils Jensen (eller Jonsøn) n. 1550, 1559, 1561 - av Losnaætta. Han var truleg gift med dotter til Gaute Ivarsen Dahl. Han hadde som våpen ruter mellom to slangar. - Christen Trane II vart fogd på Utstein Kloster i 1573 og seinare kongeleg fogd over Ryfylke, Jæren og Dalane. Det hang eit epitafium av han i domkyrkja i Stavanger til denne vart restaurert i 1860 åra. Kona Magdalene er kanskje identisk med Den "Gamle-Magdalene" som er omtala i Stavanger i 1605 og 1606 - då var ho altså enkje.
3. Sonen Christen Christensen III Trane må vere fødd før 15.. og levde ennå i 1647, vart gift med Anne Jensdt, levde i 1645. Ho var halvsøster til kona til biskop Lauritz Clausen Schaboe i Stavanger. Christen studerte visstnok i Rostock i 1603 og var seinare borgar og handelsmann i Stavanger. Her utførte han trelast, fisk, hud og talg. Han åtte og skip. I 1612 kjøpte han eit husved torget og åtte fleire hus og eigedomar i byen. At dei var av "fint" folk ser ein at sjølvaste kong Kristian IV var til stade i bryllaupet deira og ga dei eit sølvkar.
4. Dotter deira Elisabeth Christensdt f. 1613 d. 1684 vart så gift 1630 med Søren Pedersen Godtzen f. 1599 d. 1665. Elisabeth budde som enkje i Høyland og brev i 1665 om fritak for skatt og borgarleg teneste. Valspråket hennar var: "Gud ære og dy - er all min fryd." - Søren (Søfren) kom til Stavanger saman med brørne Henrik, Jens og Godske som alle vart rådmenn. Dei kom frå "de jydske Byer", frå Danmark. Søren vart fullmektig hjå Henrik Bille, lensherre i Stavangerfrå 1622 og vart fogd over Jæren og Dalane i 1632. To år etter vart han rådmann og i 1638 borgarmeister i Stavanger. Frå 1643 var han og tollar. Søren Pedersen dreiv handel og åtte fleire skip og eigedomar. I 1661 ser me såleis at han åtte heile eller partar i desse gardane: Hana i Høyland, Asseim, Eie i Egersund, Apeland og Omdal, Obrestad, Ueland, Høyland, Midtsale, Laland, Svihus, Østebø og Selgjer. Eigedomane vart verdsette til 2000 Rd i 1657 og det same vart formua og handelen hans samt 200 Rd i rentepengar. Det må altså ha vore ein sers halden mann med ein ikkje liten posisjon i byen, må ein tru. Som våpenmerke hadde han på skjoldet ei hand som strekte seg ut or ei sky og var utbreidt over eit dødningehovud. På hjelmen bar dei ein tredelt blomst. Valspråket hans var : Den høyestes høyre hand - alle ting omskifte kan. I domkyrkja i Stavanger heng eit epitafium over familien. Søren og frue ga og to messingarmar til domkyrkja samt i 1635 gardane Eidland og Homtland i Gjesdal "til vin og brødhold". - Elisabeth hadde elles ei søster Anne som først var gift med biskop i Stavanger Thomas Cortsen Wegner frå Skåne og sidan med biskop Markus Christensen Humble. - Det er dottera Elisabeth som fører oss fram til Zetlitz-familien.
5. Elisabeth Sørensdt Godtzen f. 26.8. 1639 d. 14.12. 1714 g 1659 m Morten Seehuusen f. 5.9. 1629 d. 25.6. 1694. Han var rådmann i Stavanger og den rikaste mann i byen, er det sagt.

6. Hans Seehuusen f. 1666 d. 1712 g 1) 1696 m Mette Christine Buch d. 1711. (Han gifte seg om att 1711 med Bodil Johannesdt Sommer - ho hadde først vore gift med sokneprest Anders Andersen Fugl i Veilby. - Hans var kapellan og frå 1691 sokneprest i Helleland, magister 1696, prost i Dalane same år. Mette Chr. sine forfedrar var:
Jens Hansen d. 1558 var magister, kannik og sokneprest i Viborg, gm Maren Knutsdt Brynild.

Anna Jensdt d. 1592 gm Kjeld Jensen Juel d. 1571 var Lect. theol., magister og superintendent i Viborg.

Anna Kjeldsdt Juel gm Nils Sørensen Juel var rektor og kannik i Viborg, 1572.
Anna Nilsdt Juel gm Anders Olufsen Schytte d. 1592 var sokneprest i Gråbrødrekirke i Viborg. Han er son til pastor Ole Nilsen i Viborg.

Maren Andersdt Schytte d. 1671 gm Laurits Jensen Aagaard d. 1628 sokneprest i Viborg. Han var son til Jens Aagaard, sokneprest i Langå og Vinge gm Kirsten Lauritsdt Libbert som var dotter til Laurits Libbert, borgar i Viborg, som var son til Christen Libbert, borgarmeister i Viborg 1509. 1516.

Anders Lauritsen Aagaard f. 1609d. 1661 gm Mette Pedersdt Ostenfeld d. 1689, dotter til Peder Pedersen Ostenfeld f. 1574 i Holstein og var borgarmeister i Viborg gm Anne Christensdt. Anders var sokneprest i Ørum og Viskum i Viborg stift.
Maren Andersdt Aagaard f. 1647 d. 1707 g 1677 m Hans Hansen Buch d. 1685. Hans var sokneprest i Værslev og Jordløse på Sjælland 1676. Han skal ha vore av adel.
Mette Christina Hansdt Buch gm Hans Seehuusen ovf.

7. Kirsten Aagaard Seehuusen f. 1698 d. 1754 g 1731 m Christian Magnusf. 1707 i Bergen d. 1756. (Han var gift andre gong 1755 med Margretha Hiorth 1714-1804.) Christian Magnus var kjøpmann, "Konsumptionsforpagter" og kyrkjeverge i Stavanger.

Forfedrane hans var:
Heinrich Magnus var kaptein ved Bergenhusiske regimente. På eit sølvkrus frå 1686 som har familien Magnus sitt våpen, er bokstavane HHM og ANDT.
Christian Magnus d. 1730 var toldar i Sundhordland, seinare overtolderbetjent i Bergen. Gift med Margrete Andersdt.
Heinrich Magnus f. 1684 d. 1739 g 1707 med Regine Christensdt Beyer 1681-1738, dotter til Christen Mogensen frå Nordfjordeid og Trine Tomasdt. Heinrich var skipper i Bergen og kjøpmann i 1738.
Christian Magnus f. 1707 gm Kirsten Aagaard Seehuusen ovf.

8. Mette Christina Magnus f. 29.9. 1735 d. 22.11. 1772 g 1) 1752 m Sigismundus Zetlitz f. Strømsø c. 1725 d. i leiren i Holstein 19.9. 1762. (Ho gifte seg om att 1766 med apotekar Andreas Bosse 1732-1776.) Sjå nedafor.

9. Jens Zetlitz

ZETLITZ-slekta.

Zetlitz si eiga slekt bakover kan me fylgja eit stykke på morssida hans.
1. Den første me veit om er Cornelius Claussen. Han var sokneprest i Frue menighet i Trondheim, og kannik. Det må ha vore i 1570-80åra. Det er truleg son hans me fylgjer vidare.
2. Niels Corneliusen (Ganz) var kapellan, og 1583-89 sokneprest i Borgund.
3. Claus Nielsen Gaas d. 1625 vart 1589 sokneprest i Borgund og seinare prost. Han var gift med Maren Eriksdt, dotter til sokneprest i Herøy, Erik Knutsen.
4. Jens Claussen Parelius f. 12.3. 1585 d. 1667, gift 1619 med Gjertrud Svendsdt, dotter av fogd i Verdalen og borgarmeister i Trondheim Svend Andersen. Jens var imm. Leyden 1616 og vart sokneprest i Stjørdalen.
5. Claus Jensen Parelius f. 8.4. 1620 d. 1684 gm Kirsten. Han var sokneprest i Ørkedalen.
6. Hans Claussen Parelius f. 1670 d. 1751 gm Marie Helene Tostrup (Dostrup?) f. 1667 d. 1759. Han var kommandant på Munkholmen. Dotter deira vart Jens Zetlitz si farmor.
7. Kirsten Hansdt Parelius d. 1750 gm Johan Gabriel Zetlitz d. 1737. Han var kirurg ved det 3. akershus regiment, og "examineret af Facultate Medica og nogle af de ældste Mestere af Bertskier Lauget i København og til Bartskier Professionen at forestaa dygtig befunden". Han var Bartskier (barberar) i Strømsø frå 1727. Kona fekk løyve 1738 til å halde fram med mannen sitt arbeid. - Ein er ikkje viss om kor Johan Gabriel Zetlitz er frå. Etter adelsarkivet i Wien vart Conrad og Christopher Zetlitz zur maur i Steyermark i 1604 opptekne i "Landmanschaft" og var slik av adel. Ein har gissa på at Johan Gabriel var av denne slekta. Kielland meiner likevel det er meir truleg at han stamma frå byen Zetlitz i Bøhmen og har teke namn etter den. Han nemner likevel at tradisjonen i familien er at dei tilhøyrde adelen i heimlandet sitt. For dette talar og at presten Jens Zetlitz heilt frå tidleg ungdom nytta eit våpen med stor pietet. Det var eit blått skjold som var delt med eit skråbjelke av sølv. I kvart felt var ei lilje. På hjelmen var ein tredelt blomst. - Dei hadde minst 12 born.
8. Jens Zetlitz f. 1761 d. 1821.


Etterord: Diverre var ikkje Zetlitz den einaste i si tid av prestar og andre embetsmenn som levde som han. Mange var meir opptekne av vin og verdsleg levemåte enn med Guds vilje til oss menneske.

Men han hadde altså ei anna side og, som han viser ved nokre dikt og salmar og preikene han etterlet seg. Ei salme av han er komen med i den siste salmeboka i Norge, nr. 271: Halleluja, vår Gud er stor, det må alt liv bekjenne. Og denne salma skreiv han i 1795, før han vart prest i Vikedal.

----

Litteratur:
Kjelder:
Johs Kreutz Magnus skreiv om prestane i Rogaland Historielags årshefter.
I Kallsboka for Vikedal skreiv han om seg sjølv.
C. N. Schwach: Samlede Digte (av Jens Zetlitz), 1825.
Utheim, J.: Udvalg af Jens Zetlitz' Digte. 1886.
Zetlitz, Jens: En Norsk Høst et Digt af Jens Zetlitz. Sognepræst til Vigedal. Kiøbenhavn, 1800.

Andre kjelder og litteratur: Det Wigedalske Læse-Selskab 1803-1963 av O. Dybdal Holthe, 1963.
Vikedal kyrkje 100 år. 1881-1981, av Nils Dybdal-Holthe.
Axel Kielland: Familien Kielland med dens kognatiske Ascendents. Christiania 1897.
Einar Balle: Utkast til bygdebok for Vikedal (manus).
Bygdebøker for Kviteseid.
Oluf A. Løwold: Fra Jæderen. Gammelt og Nyt. Stavanger 1888.