Friday, May 4, 2007

4. Karen Eikeskog

4. Karen Eikeskog
frå Tysvær
Fødd og død på juledag.

Det er Karen me skal høyra om nå. Ho var fødd 25. des. 1893 i Tysvær og død i Kina 1. juledag 1934.
Karen var i slekt med Kinamisjonen sin far, Sivert Gjerde frå Tysvær. Karen var nemleg dotter til Jakob Eikeskog som var gift med Karen Serine Gudmundsdt frå Søndenå i Tysvær, og ho var søskenbarnet til Sivert. Mora har nok fortalt om søskenbarnet som døydde i landet langt, langt borte i aust. Og det hende berre to år før Karen var fødd. Ho heitte forresten Karen Serine, oppkalla etter mor si. Lite visste den unge jenta om at ho sjølv skulle oppleva det same. Men kjennskapet til slektningen har kanskje pensla tankane hennar inn på ei teneste mellom kinesarane i tidlege barneår.
17 år gamal kom ho bort frå Jesus, men fekk ikkje fred. I 1913 reiste ho til Stavanger og arbeidde ved Waisenhuset. Ein dag i november gjekk ho på møte der vekkjingsmannen Sven Foldøen talte. Då ”ble jeg virkelig løst og gjenfødt”, skreiv ho i søknaden til Kinamisjonen. Eit par år etter vart ho sjuk og tenkte alt var slutt. Då las ho Salme 118, 17: ”Eg skal ikkje døy, men leva og fortelja om Herrens gjerningar.” Det vart eit direkte kall, og det vart straks klårt for henne at Kina var målet.
Ho gjekk Bibelskulen i Bergen i 1917-18, var eitt år ved Lovisenberg sjukehus i Oslo og fekk eit opphald i USA før ho drog til Kina i 1920. Her arbeidde ho ved fleire stasjonar, sist i Nanyang.
Eit par år etter at ho kom til Kina, skreiv ho eit reisebrev til Kineseren. Ho skulle fylgja m.a. Marie Monsen nedover til Hankow, ho skulle til Noreg. Karen hadde vore sjuk, og ville gå til lege. Men då sa legen at "du er frisk og behøver ingen operasjon. Det ble klart for meg at dette var svar på de bønner som alle mine venner, både utlendinger og kinesere, hadde bedt for meg. Gud hadde også denne gang handlet med meg i nåde, ikke etter fortjeneste."
Det kom nye misjonærar frå utlandet, Karen fekk vera med dei attende til Laohokow - og så bar det vidare til deira eigne stasjonar. Ho skulle til Fanghsien, og då måtte ho bærast i 3-4 dagar innover ville fjell og langs smale gangstiar. "Vi var på toppen av et stort fjell, jeg ser ned i dalen. Der renner elven så stille og jevnt. Den ligner en grønnblå slange som snor seg langs dalbunnen. Der nede er det små bondegårder. De ser så fredelige og stille ut, det er bare så sårt å tenke på at der nede har de aldri hørt om Jesus."
Heime i Tysvær sat det nok folk og las i Kineseren ein februardag i 1923 om denne jenta frå bygda deira som var så uendeleg langt borte. Og dei truande var nok glade og takka Gud for at misjonæren ikkje berre fortalde om det rare landet og om sosial naud, men viste at ho hadde omsut for folket der, at dei måtte få høyra om Jesus Frelsaren.
Og i nummeret etterpå av bladet kunne dei lesa ein heil bibeltime av Karen Eikeskog. Ho skreiv om "blodbrudgommen". Det var Guds lam som bar all verda si synd. Ho skildrar Frelsaren og viser klårt at ho har sett inn i kjernen av evangeliet. Og dei må ha gledd seg og tenkt: dette forkynner ho for kinesarane. Og me veit at det er dette som skaper misjonssinnet og nauda for dei ufrelste.
Ho skriv: "En gang ser vi ham, blodig, såret, tornekronet, spyttet på, opphengt. Den gang var hans klær flekket av forsoningens blod. Han forlikte verden med Gud: Det var vi, du og jeg, som skulle båret denne drakten. Men Jesus, vennen som er hvit og rød (Høys. 5, 10), gikk i brudens sted, han tråtte persekaret alene. Han stred med mørkets makter, og han vant seier. Han sa: Det er fullbrakt!
Nå hadde han kjøpt sin brud tilbake med sitt eget blod. Nå hadde han sprengt mørkhetens fengsel, og hver fange kan bli fri."
Slik sat misjonæren mellom dei høge fjella inne i Kina og tenkte. Og mot slutten av dette stykket, bryt misjonærsinnet og sjelevinnaren fram: "Er du blant den skare som har vasket sine klær og gjort dem hvite i Lammets blod? Skal du være med en dag og synge i det kor der sangen er lik lyden av mange vann som bruser? Har du lyttet til brudgommens røst som sier: Lukk opp for meg!"
Ho var flink å skriva heim. I 1929 skreiv ho om eit minne frå 1915. Det var avskilsfest i ”Kinahuset” i Stavanger for 5 nye misjonærar, og nå skulle eit nytt kull inn på misjonsskulen. I tillegg skulle Øistese ut – han hadde vore ein periode i Kina før. Ved avslutninga stod han fram og spurde kven som ville lova å be kvar dag for dei unge i skuletida?
Så skriv Karen: ”En skog av hender strakte seg i været, jeg tror alle som bad til Gud lovet det den kvelden. Det var det kull som gikk ut fra misjonsskolen i 1920. Og Gud har brukt og bruker dem til stor velsignelse ute og hjemme.” Mellom desse var Jakob Straume, August Vik og Kristoffer Hovda.
Dette minne frå hennar eigen ungdom har nok sett seg fast i 22-åringen. Då ho skreiv dette, skulle eit nytt kull ta til på Fjellhaug, og ho let utfordringa gå ut til lesarane av ”Kineseren”: ”Hvem vil si ’ja’ til denne bønn og oppfordring?”
I 1927 fann ho grava til sambygdingen Sivert Gjerde. Der var ikkje noka støtte, berre eit nummer (61) på grava. Då var ho på reis heim. “Men kommer jeg til Kina igjen, så skal der komme en liten sten på hans tue”, skriv ho heim 24. apr.
7-8 år etter kvilte ho òg i Kinas jord - i 1934. Ho er ikkje nemnd i protokollen for Misjonshuset i Haugesund der ho var ei stund, og heller ikkje i protokollen for foreningen Tosao då ho døydde. Namnet er òg borte i årsmeldinga for Stavanger krins som ho tilhøyrde då ho reiste ut. Men i årboka for 1935 er ho nemnd. "Joledags kveld gjekk ho inn til 'kviledags-helga'... I dei mest 4 år ho fekk vere her i Nanyang, vann ho seg mange vener millom kinesarane, og stor er flokken som syrgjer no når ho ikkje er meir." Ho hadde ein alvorleg hjartesjukdom. "Hun var en av dem som vanskelig kunne ta hensyn til seg selv, men gikk så ofte lengere enn kreftene tillot," skreiv Gabriel Lende i årboka.
Då Karen var heime i 1928, reiste ho ein del for misjonen i Hordaland. Brandtzæg skreiv til sekr. Eikrem i juni at det var ”godt at høre, at hun er saa brukbar hjemme – og vi har bruk for henne”. Ho hadde vore i Øystese i påskehelga, og Eikrem skreiv i mai: ”Hun har blit populær i Sundhordland; fra hvert eneste sted begeistring og fra flere steder gode resultater.” Ho var òg med på årsmøtet i Skånevik, og Eikreim skreiv denne attesten om henne til Brandtzæg: ”Hun er en vækkelsestaler av rang… Hun hører til de faa som med fordel kan brukes… Fra alle kanter hvor hun har vært er der krav om at faa hende igjen.” Det er store ord om ein Herrens tenar.
Dette vart siste turen heime. Ho kom ut att til Kina og fekk kvila der til dagen då alt Guds folk skal stå opp frå molda ”og vere med Herren”.
I den siste perioden ute skreiv ho fleire brev heim. I 1932 var ho midt i vekkjinga i Kina. ”Det har vært en fest å se disse flokker i vinter og vår,” skriv ho. ”Det er skapt en større hunger efter en oplevet frelser enn noen gang før.” At dette gledde hjarta hennar, er klårt. I tida frametter signerar ho stykka sine slik: ”Eders i tjenesten lykkelige Karen Eikeskog.” Misjonærsinnet er tydeleg. Misjonen sørgde då ho gjekk bort, og ho fekk mange godord – sjølv om også ho kunne ha ei vanskeleg natur å strid med. Minst fem gonger skriv ”Kineseren” om hennar død.
Juledag kveld i 1934 slutta hjarta hennar å slå i Nanyang. Ho hadde hatt hjarteproblem ei tid. Neste dag sende dei telegram til hovudstasjonen i Laohokow. Nyttårsafta kom Hoaas med kista, og dei hadde minnestund om kvelden i kyrkja på stasjonen Poningai. Ein av elevane ved forstandarskulen talte over Åp. 14,13. Så vart Karen ført til siste kvilestaden utafor bymuren i Laohokow. Og på kista hennar låg ein krans med påskrifta: ”Han gjorde det beste for henne.” Og heime i himmelen forstår ho nok best kva det tyder.

No comments: