Friday, May 4, 2007

5. Kina-Brita

5. Kina-Brita

30. januar 1867 vart det fødd ei jente på husmannsplasset Sauaholo under garden Vestervik i Varaldsøy kommune, og ho fekk namnet Brita. Denne garden ligg ikkje på sjølve øya, men på fastlandet, vest for øya og nord for Gjermundshamn. Kyrkja tilhøyrde Strandebarm prestegjeld. Brita vaks opp i trygge og gode kår, og alt som barn hadde ho alvorstankar.
Jenta var dotter til Lisbet Olsdtr. frå Fosse g.m. Nils Johannesen i Sauaholo. Faren ætta frå den kjende futen Laurits Johannesen Galtung d. 1659 g.m. Lisbet Ottesdtr. Orning på Stord. Fem døtre vart gifte med prestar, så futen har nok vandra i eit “åndeleg” miljø. Sjølv har han slett ikkje fått så godt ettermæle. Slekta på farssida hadde budd i Sauaholo attende til 1750-talet. Truleg var det tippoldefar hennar, Lars Matiasen, som rydda dette plasset. Det er nå bruk 3 på garden Vestervik.
Likevel - Brita Nilsdtr. vart korkje prestekone eller gardkone. Ho skulle få eit ganske anna liv. Mora døydde då Brita var 20 år, og det gjorde eit veldig inntrykk på henne. Det var òg den ytre årsak til at ho vende om til Gud. Og kort etter vart ho gripen av den åndeleg naud heidningane var i, og særleg i Kina. Ho har fortald om det seinare.
Kvifor er denne Brita så interessant for oss i misjonen?
Svaret er svært enkelt. Brita Vestervik var den første misjonæren - saman med ei anna kvinne - som fekk kallsbrev frå den nystarta Kinamisjonen i byrjinga av 1890-åra – etter J. Brandtzæg. Og ho tilhøyrde det området som seinare vart Haugesund, Sunnhordland og Hardanger krins av Misjonssambandet (HSH).
Brita reiste truleg tidleg til Bergen i teneste. I mai 1892 stod hennar “Levnetsbeskrivelse” i bladet Kineseren. Her seier ho m.a. at ho måtte tidleg ut frå heimen, det var ikkje uvanleg før i tida. Og då mora døydde, ropte ho til Gud om nåde og syndsforlating, skriv Brita. Og Gud høyrde ropet og “lot nådens solsstråler skinne inn i min mørke sjel, og jeg fikk tro meg som et benådet Guds barn”.

Det var eit klårt vitnemål misjonsfolket fekk lesa, og det har alltid vore lett å støtta dei som talar klårt om frelsa.
Brita fekk òg høyra om heidningane, og ho vart gripen av “medynk” med dei. Men korleis kunne ei ung jente frå landet koma ut til framande land? Litt folkeskule var heile hennar utdaning. Så gjekk ho den vegen ho hadde lært: ho bad til Gud “at hvis det var hans vilje, så måtte han selv åpne veien for” henne.
Alt var lagt i Guds hand og då var ho trygg. Vegen vart opna, ho kom i kontakt med misjonsvenner i Bergen, og der høyrde ho om Kina igjen. “Kallet til å dra til Kina som jeg òg hadde følt før, ble nå ganske klart for meg.” Slik skriv ho til misjonsfolket i bladet.
Straks vart ho “antatt” som misjonær av “Sentralstyret i Bergen” - og dette var før Kinamisjonen vart skipa. Det var den såkalla Bergenskomiteen som gjorde det sumaren 1890. Dei sende henne til Diakonissehjemmet i Oslo. På misjonsmarka kom det vel med å kunne litt om sjukestell.
Generalforsamlinga og skipingsmøtet var i Bergen i pinsehelga, 18. og 19. mai 1891. I slutten av september s.å. hadde dei avskilsfest for dei nye misjonærane, og Brita fekk kallsbrev underskriven 23. sept. 1891. Den andre kvinna var Gjertine Orrestad frå Sokndal i Dalane.
Desse to kvinnene skulle oppleva å mista mennene sine dramatisk og fort. Men i kallsbrevet - som er felles for begge - fekk dei ein lovnad frå Fellesstyret og misjonen: Forbundet “vil yde dem al den støtte saavel i materiel som aandelig Henseende, som de ved Guds Naade evner og Omstendighederne maatte paakræve”. Begge desse kvinnene skulle oppleva at dei fekk bruk for nett denne setninga.
Det skulle henda berre 6 år seinare. Då stod Brita åleine på kaien i Stavanger med to små born. Korleis skulle ho klare å skaffa mat til dei? Det var hennar “omstendigheter” nett då. Og seinare skal me sjå korleis Forbundet stod ved sin lovnad. Den andre kvinna, Gjertine frå Sokndal, miste mannen sin før Brita. Ho vart verande i Kina i fleire år som misjonær. - Men først må me fylgja dei på veg til Amerika og Kina. Brita kan stå som døme på kva misjonsfolket arbeidde for.
Hausten 1891 gjekk turen til Amerika for Brita Vestervik. Ho skulle byrja på Red Wing-seminaret i Minnesota denne vinteren. Ho hadde ikkje nokon misjonsskule. Å kunne språk var viktig når dei skulle ut til eit framand land. Fleire av dei andre utsendingane skulle òg vera der, m. a. Henrik Seyffarth, Ole M. Sama og J. Skordal. Det var forresten bra at dei vart meir kjende som menneske òg - dei skulle bu og arbeide tett saman i det nye landet. Av desse var det Skordal ho fekk mest kontakt med.
Johan Skordal var frå Sokndal i Dalane, same bygda som Gjertine. Han var fødd 1. mars 1868 og vaks opp i ein kristen heim. 15 år gamal kom han til Egersund og gjekk på middelskulen. Der møtte han ein dag Daniel Bore frå Jæren. Han tok ungguten i trøya og sa venleg til han: “Du, Gud har bruk for deg.” Meir sa han ikkje.
Orda tok tak i Johan. Han gjekk straks heim, fall på kne og bad til Gud. Han fekk sjå si synd og så tru seg fri på Jesu blod. Nokre dagar etter kom misjonær Røstvig i NMS til byen. Det vart eit møte han ikkje gløymde. Igjen måtte han heim og be - og i den stunda vart misjonskallet fødd. Det song i sjela til 17-åringen: Gå ut og forkynn evangeliet! Det må ha vore ikr. 1885.
Etter dette gjekk han gymnaset på latinlina og las engelsk og fransk på same tid. I fritida var han med på søndagsskule og vitja sjuke. I denne tida møtte han òg Kinamisjonen då den vart skipa og søkte kontakt der.
Saman med dei andre gjekk han altså på Red Wing-seminaret vinteren 1891-92 og fekk si misjonærutdaning. Heile tida låg lengten til Kina i han. I Amerika las han misjonsblad og slukte nok alt om Kina. I januar 1892 skreiv han til bladet “Kineseren” om dette. Han hadde lese om opprør, og keisaren si hær vart slått og driven på flukt. Misjonærane i ein belgisk misjon hadde ikkje høve til å røma. Opprørarane myrda dei kinesiske kristne, hakka borna opp med kniv og brende dei på bål. Nonnene mishandla dei og drap dei med klubber. Dei belgiske prestane måtte oppleva grusomme pinsler som dei bar med tolsemd. Ein rykte dei tunga ut or, skar hjarta ut or han og brende det.
Skordal innrømmer at det var grunn til å bli forskrekka over slikt. Likevel var det betre at det anspora ein til å arbeide for dei. Dei måtte be: Far, forlat dei, for dei veit ikkje kva dei gjer. Han er ikkje redd, men bed om forbøn:
“Legg meg dagleg fram for Gud i bønene dykkar. Eg lengtar verkeleg etter å koma ut.”
I løpet av denne vinteren har Johan Skordal og Brita frå Sauaholo sett på kvarandre, med lange og lengtande blikk. For same våren vart dei trulova: Nå skulle dei leva livet saman der ute i Kina, som vitne for dei røvarane dei las om.
Likevel var dei ikkje saman heile vinteren. Så snart juleferien kom, skulle mennene ut i dei “norske” bygdene og tala Ordet og fortelja om den nye misjonen i Noreg. Sama vart sjuk så han vart ikkje med. Men Skordal reiste ut på prærien og hadde møte, og aldri hadde han hatt ei slik jul, skriv han. “Første juledag holdt jeg på å fryse fordervet på prerien i “Norseland”. Vi nådde endelig fram til folk, og etter å ha varmet oss litt, var vi all right. Vi fortsatte vår vei til kirken der jeg skulle preke. Det var kaldt i kirken så tennene klapret i munnen da jeg steg opp på prekestolen. Men det ble et velsignet møte med de få som kom, så jeg frøs slett ikke da jeg steg ned igjen.” Så heilt enkelt var det ikkje å vera talar i Amerika heller.
Ein kveld fekk han hus hjå ein bonde i Lake qui Parler. Dei førte han opp på loftet der det var isande kaldt. Han kunne sjå ut gjennom sprekker i taket. Men han var trøytt, kraup til sengs og sovna. Om natta kom det snøstorm, og snøen rauk inn på rommet. Om morgonen låg snøen over heile senga. Ei luksusreis var det ikkje.
Men Skordal venta at det vart mykje verre i Kina. “Send meg berre ut. Eg er frisk og takkar Gud for alt. Eg er lukkeleg over å få gå som ein Herrens tenar til Kina.” Det er
misjonssinnet. Ein ting var viktig for han: å fylgja kallet.
Også Brita sende helsing heim. Ho gleda seg til å kome til Kina. Men skulen varde til våren ‘92, og då skulle dei reisa kvar sin veg og møtast i San Fransisco til hausten. Der skulle sjølve reisa til Kina starta.
Misjonærane skulle altså reisa til Kina over Stillehavet frå San Fransisco til Japan og vidare til Shanghai. Men først skulle dei ein ny tur ut på den amerikanske prærien. Skordal og Stokke reiste til Midtvesten i mars. Om denne reisa skreiv Skordal: “Det me først og fremst hadde for auga, var å ropa ut eit frelsesord til fortapte syndarar.” Dei hadde to møte kvar dag, og begge tala litt på kvart møte.
Òg nå vart dei godt mottekne. I alt fekk dei inn 200 dollar til misjonen. “Men gleda vår er likevel ikkje i desse pengane. Den er at me som brud får elska vår brudgom, Jesus, og samla sjeler ved foten av krossen..” Misjonærsinnet og nauda for sjelene kjem tydeleg fram. Det var det viktigaste.
I påskeveka reiste Johan Skordal til Dakota og Brita til Iowa. Ho skulle læra meir engelsk hjå ein engelsk familie der. 4. april skriv ho heim til “Kineseren”: “Når eg ser tilbake, må eg bøya meg djupt for min Gud og vedkjenna at eg er heilt uverdig til hans nåde. For eg har vore utru på mange måtar. Med sorg og smerte må eg gå til min Frelsar, Jesus Kristus, og få forlatelse av nåde.”
Om hausten samlast dei på vestkysten. Skipet “Gaelic” skulle ta dei over havet til den nye arbeidsplassen. Fem misjonærar var med på reisa, og slik kunne dei støtta og hjelpa kvarandre om turen vart einsformig, skreiv Sama i dagboka si. Han og Seyffarth bøygde kne i lugaren og la alt i Guds hand. Då var “Gaelic” på veg ut hamna Golden Gate i San Fransisco. Kalenderen viste 6. sept. 1892.
Ombord var det ein del kinesarar mellom dei 260 passasjerane. Kinesarane vart ei påminning om det nye folket dei skulle til og arbeida mellom. Det er Sama som fortel om dette, men Brita og Johan var ombord på same båten slik at dei har opplevd det same.
Sama nemner spesielt at kinesarane åt med pinnar. Det har nok vore ei ny oppleving. “Mest interessant er det å sjå når dei sit på huk og kastar maten inn i munnen med pinnar.” Og han ser på havet, dei endelause viddene av sjø. Då vert han liten og gripen av “Guds storhet og makt”.
Etter ei veke om bord tok misjonærane til å skjøna at kinesarane var eit vanskeleg folk å arbeida mellom - utan å nemna kva det var konkret. Me må tru dei opplevde kulturkollisjonen då. Misjonærlivet ville ikkje bli ein dans på roser.
Dei opplevde både storm og stille på turen. Frå torsdag 15. sept. gjekk dei rett inn i laurdag 17. Dei var på veg vestover og passerte tidssonen. Difor måtte dei stå over ein dag. Aldri hadde dei hatt ei veke utan fredag, skreiv Sama.
Ein dag høyrde dei ropet frå dekk: “Land! Land!” Ut or tåkeheimen kunne dei verkeleg sjå kysten av Japan. Alle var glade, og dei lo og klappa i hendene. Dei hadde kryssa det store havet, og vegen inn til Kina var nå kort.
Misjonæren tenkjer likevel åndeleg midt i den jordiske gleda. Sinnet lyfter seg over Stillehavet og “Soloppgangens land”. Den 22. sept. skriv han i dagboka: “Jeg må òg tenke på hvor stor gleden vil bli når vi engang skuer de himmelske strender etter den lange og farefulle livets reis. Å, herlige dag! Når vi etter endt vandring skuer toppene av Sion, da skal vi “hvile oss i rosendale og uavlatelig med Jesus tale”. Venner, må ingen av oss bli tilbake.”
Lite visste han at han sjølv om 4 år skulle sjå Sions berg. Men først skulle dei nå fram til Kina og byrja i arbeidet. Det skal me visa litt av nå.
Etter fem dagar i Yokohama reiste dei vidare til Kobe i Japan. Der møtte dei ein gamal mann som hadde vore misjonær i Kina sidan 1868. Dette imponerte dei ferske misjonærane, og han var framleis sterk og frimodig.
I Nagasaki var dei 2. okt., og der såg dei det norske flagget på ein båt. Nasjonalkjensla vakna, og dei sa: “Me vil ombord til dei.” Det var dampbåten “Nordmann” av Bergen, og sjøfolka undra seg stort. Ein av dei kom bort til Sama og sa: “Eg kjenner deg frå Florø!” Sama har nok vore på møte der. Verda var ikkje stor den gongen heller.
Ei vitjing på land gjorde sterkt inntrykk på dei. Dei fann ei kristen kyrkje som var stappfull av heidningekristne, og mest alle gjekk til alters. “Det var rørande å sjå at dei mange kom og knelte ved alteret, dei var alvorlege og inderlege. Å, det var herleg! Evangeliet sigrar ennå i heidningeverda. Vener, la oss gi dei det snart!”
Mon me tek feil når me tenkjer at den nye misjonæren ser for seg det indre av Kina. Der skulle dei bu og arbeida. Tankane arbeider nok i dei: Skal me få oppleva noko slikt? Vil kinesarane koma og knela i vår kyrkje? Og ved sida av Sama sat Brita og Johan - med omlag dei same draumane og den same vona.
4. oktober sette dei foten på kinesisk jord. Dei var i Shanghai i Kina. Japanhavet var så stille som fjorden heime, skreiv Sama til leiinga i Noreg to dagar seinare. Det første dei såg av Kina denne morgonen var den gule elva Yang-tse-kiang. I tre år hadde Kina vore målet deira, og nå var dei der! Nå fekk dei høyra at Brandtzæg var reist heim - han vart leiar av arbeidet i Noreg.
6. okt. sat Sama i Shanghai og skreiv profetiske ord utan å ana kva dei ville innebera: “Vi lever forresten alle vel og er bestemte på å ofre våre liv her ute for kinesernes frelse, om Gud vil bruke oss.” To av dei skulle gjera det kort tid etter - langt inne mellom kinesiske fjell.

Tre dagar tok turen opp til Hankou og Wohang. Fru Gjertine Johnsen tok imot dei der, og ein heil misjonærflokk var nå samla: 14 norske og ein dansk misjonær. Dei gløymde mest at dei var i Kina. Brita frå Sauaholo har nok lytta og tenkt. 'Her er livsgjerninga mi. Eg er framme. Reisa frå Hardanger til Kina er over. Nå tek kvardagen til.' 29. des. 1892 skreiv Brita heim til Arnetvedt som leia misjonen i Noreg den første tida. ”Så nu er jeg kommet til China, mit bestemmelsessted,” skriv ho. ”Det er underligt at staa ansigt til ansigt med saa forfærdeligt hedenskab og nød.” Den ferske misjonæren opplever kultursjokket og på same tid den store religiøse avstanden – frå den stille Vestlandsbygda til handelssenteret i denne delen av Kina, Hankou. Saman med to andre mindre byar tett ved hadde dei om lag 1 mill. menneske.
Me kan ikkje ta plass til å fylgja kvardagen deira på Hupeh-feltet (Hubei) i Kina her i boka. Men me veit ein god del om korleis dei opplevde desse første åra frå rapportar dei sende heim. Berre små glimt tek med fram nå.
Våren 1893 vart Brita gift med Johan Skordal. Gjertine var tidlegare gift med Ludvig Johnsen, men han døydde av sjukdom alt i 1893. Dei fekk arbeidsplassen sin i ein liten by eit stykke ovafor Laohekou ved Han-elva, i Tsinshankiang. Her bygde dei hus som stod i mange år seinare. Dei fekk to gutar, Julius Albert f. 16. des. 1893 d. 1976, og Birger Justin f. 24. sept. 1896 d. 1973.
I 1895 døypte Skordal tre små born til ein av medarbeidarane. Desse borna var førstefrukta av arbeidet i Kina. Året etter døypte dei ein vaksen mann - Yüen, den første vaksne på feltet. Her heldt dei den første nattverd der ein omvend kinesar var med. Og ein sonesons son av han, unge Yüen, var portnar for misjonen i Laohekou mange år etter! Slik var det samanhang og frukt av arbeidet.
To gonger har Tsinshankiang brunne ned, men misjonsstasjonen stod att som eit minnesmerke, fortel Jakob Straume. Her var det einaste fotfeste misjonen hadde utafor Laohekou i dei første åra. Seinare vart det kamp både om huset og folket. Men Straume kom dit mange år seinare og møtte truande.
Brita skreiv òg til Kineseren fleire gonger. Eit av breva var det ho skreiv ved nyttårstid 1894. Dei var nett komne inn til stasjonsbyen sin. Skordal hadde vore der før og teke til med arbeidet. Nå skulle ho og eldstebarnet koma. Folk samla seg for å sjå den nye kona og fylgde dei til huset, fortel ho. Misjonærsinnet vakna straks i Brita: "Den tid kan imidlertid komme, at en lignende forsamling kommer for å høre Guds ord. For Jesus har jo sagt at ingen ting er umulig for Gud."
Diverre døydde Skordal alt om hausten 1896 av dysenteri, berre 28 år gamal. Han hadde òg hatt malaria fleire gonger. Brita var ikr. 29 år og kom til Noreg i febr. 1897. Seinare reiste ho til USA med dei to gutane sine - Birger og Julius - og arbeidde i sjukepleien. Ho vart altså ikkje lenge i Kinamisjonen. Skordal sitt sjukelege vart relativ langt og til tider smertefullt. Det tok til med klimafeber i byrjinga av juli då han var på stasjonsbyen sin. Nils Arnetvedt hadde nett kome opp til dei og fekk nå hjelpa han. Òg dei to borna hans vart sjuke, og Skordal sa at det var Herren som hadde styrt det slik at Arnetvedt skulle vera der då. Etter 14 dagar vart han noko betre, og dei tok ein tur på elva med båt. Plutseleg fekk han feber igjen, og då han var nokonlunde bra, reiste dei til Laohekou der misjonskonferansen skulle vera i oktober. Der vart han plutseleg angripen av dysenteri og fekk meir medisin. Dessutan fekk han kraftig diaré og vart sterkt
avkrefta. Og dette vart eigentleg hans bane. Tirsdag 3. nov. 1896 slokna han, og torsdag var han i grava. Fire korte år fekk han i tenesta. Mandag etter var misjonærane samla til konferanse. I referatet skreiv dei som opning: "Det var en tuktelse fra Herren som rammet oss meget hardt." Skordal sin død må ha gått sterkt inn på medarbeidarane. Dei tok det inn over seg sjølv og klaga ikkje Gud for hendinga. Det viser eit audmjukt sinn hjå Guds tenarar. Misjonsfolket på Varaldsøy og andre stader kunne lesa om alt dette i Kineseren nr. 3 i 1897. Dei fylgde nok med sine utsendingar og syrgde over tapet, slik dei gjorde i Laohekou.
På generalforsamlinga same år gjorde misjonsfolket vedtak om å gi Brita enkjepensjon. Kr 600 fekk ho, og ho vart med dette den første misjonæren som fekk pensjon i Kinamisjonen. I tillegg fekk kvart barn 90 kr. Og det var 16 år før pensjonskassen vart oppretta i 1913. Difor var det generalforsamlinga som år for år løyvde pengar til henne.
Slik fekk ho oppleva at Fellesstyret stod bak den lovnaden dei gav i kallsbrevet. Men spørsmåla var nok mange i tankane hennar. Kva med kallet? Heime var ho så sikker. Gud hadde kalla henne til Kina. Og alt hadde lagt seg vel til rette. Ho fekk utdanning, møtte kinavener og vart godt motteken av Komiteen i Bergen som kalla henne til tenesta. Det var som ei mektig stadfesting på det ho hadde kjent i hjarta sitt heilt sidan den kvelden då predikanten tala om Kina.
Nå var alt dette slutt. Skulle kallet vara så kort? Var det noka meining i at ho skulle vera i Kina nokre få år, og ho hadde igrunnen gjort så lite. Det var mannen som hadde arbeidd. Ho hadde berre vaska klær og kokt mat. Var det ei misjonsgjerning?
Tankane kverna nok i hovudet dag og natt. Framtida låg som i ein tåkedis, og nettene var fylt av stummande mørke. Ho tenkte vel på fleire utvegar, og etter kvart samla dei seg i ein tanke.
Amerika! Der kjende ho folk. Og i denne tida såg mange den nye verda som deira einaste von og utveg. Der var det plass for alle. Òg for gutane. Nå hadde ho ansvar for dei. Det måtte bli løysinga.
Det har ikkje vore lett å fylgja Brita i Amerika. Me veit berre litt. Først reiste ho i 1900 over åleine og let borna vera att i Noreg, truleg hjå verforeldra som då budde i Løkkeveien i Stavanger. I 4 ½ år var ho borte frå borna sine. I 1905 var ho heime att. Vermora var då sjuk og ho måtte sjølv passa borna. I denne tida hadde ho brevveksling og diskusjon med Fellesstyret og Brandtzæg om pensjonen. Men det vart klårlagt at pengestøtta var til borna ettersom ho hadde vore i arbeid. På generalforsamlinga i 1909 gjorde dei vedtak om å gi slik ”barnetrygd” til dei var 18 år.
Ikr. 1906 reiste ho og gutane attende til USA og var t.d. handarbeidslærar og husmor ved Jewell Luth. College i Iowa i åra 1907-09. I 1914 gifte ho seg om att med Lewis Nelson i Sioux City, Iowa, og Brita døydde i 1953. Begge gutane var med i første verdskrigen frå 1917 og kom heim i 1919. Begge vart gifte, men berre Julius fekk born – 3 jenter som alle vart gifte. Dermed gjekk namnet Skordal ut or denne slekta.
Då sonen Julius høyrde om Quisling og angrepet på Pearl Harbor i 1941, melde han seg forresten til teneste som soldat att! Som 50-åring var han for gamal og måtte vera heime. Ingen av dei kom til Kina eller vart misjonærar. Minst ei av jentene er aktiv med i kyrkjearbeidet saman med dotter si. På ein måte fører dei arven etter Brita vidare.
*
Dei første misjonærane hadde inga felles utdanning. Ja, dei hadde i det heile lite utdanning. Nokre reiste til USA og gjekk t.d. på Red Wing slik Brita Vestervik gjorde. Tanken om eigen skule kom difor snart opp mellom leiarane.

Kort tid etter gravferda forlet Brita misjonsstasjonen i Lao-he-kou med kurs for Noreg - seinare fõr ho til USA. Eg har lenge spurt meg sjølv om kvifor ho gjorde det. Det sat nemleg ei anna enkje att på misjonsfeltet, Gjertine Johnsen, også frå Sokndal. Ho hadde ei dotter, men vart verande i Kina i mange år som misjonær.
Kvifor reiste då Britha heim? Eg trudde eg hadde funne svaret på det - med eine-ansvar for to born var det ikkje lett å vera misjonær. Ho ville bli til bry, og reiste heim att.
Men - så fekk eg lesa ulike stasjonsdagbøker frå feltet i Kina. Misjonærane noterte frå dag til dag og veke etter veke kva som hende i arbeidet. Der såg eg det rette svaret. I Stasjonsdagboka for Hankow (nå Wuhan) skreiv Nils Arnetvedt som tilsynsmann for feltet i januar 1897, han skulle ”ledsage” Britha og borna til Shanghai: ”Det var nemlig ifølge afdødes ønske besluttet, at hun skulde reise hjem med de to børn.”
På dødssenga har altså Skordal bede Britha om å dra heim med dei små. Han ottast kanskje at dei og skulle bli sjuke eller at kona kunne døy i Kina. Det var tryggast å ta dei til heimlandet. Men det var ikkje lett for henne å forlata misjonsarbeidet. I den første Stasjonsdagboka for Lao-he-kou skriv dei den 19. nov. 1896, berre to veker etter at mannen døydde: ”Med tungt hjerte forlod fru Skordal os. Gud vet om vi ser hende (igjen).”
Og på sjølve dødsdagen hans skreiv (truleg) Sama: ”Idag en mærkedag i vor missions historie herude. Broder Skordal døde idag kl. 1 efm. Han døde meget frimdoigt, var så længe bleven forberedt, såsom alle hans kræfter var udtømte, var hvilen ham kjær.”
Dei hadde ikkje hatt tid til å setja opp gravstein på grava til Skordal før ho reiste. Men frå Amerika har eg fått bilete av gravstøtta hans frå barneborna. Det syner at Britha hadde kontakt med Kina etterat ho forlet landet. Misjonærane må ha sendt biletet til henne. Men det tok lang tid før dei fekk alt ordna.
Sumaren 1897 kjøpte dei truleg gravstein i Hankow og fekk laga innskrift. Så vart steinen frakta oppover Han-elva til Lao-he-kou. Først 14. des. 1897 vart gravstøtta reist, over eitt år etter at han døydde. Det talar litt om kor lang tid det kunne ta å gjera noko i Kina då, og om kor travelt misjonærane hadde det. Det var meininga å gjera det om sumaren før, men tida rakk ikkje til.
Så reiste ikkje Britha frå Kina i frustrasjon og sinne mot Gud. Ho ville gjera som mannen sa dei siste timane han levde. Men ho kom aldri attende til Kina. Heimen hennar vart i USA - der barneborna ennå lever.

Endå eit brev om Brita ligg i NLM-Arkivet på Fjellhaug. Og det kastar litt meir lys over livet hennar. Eg har lenge undrast på kvifor ho ikkje reiste attende til Kina som misjonær. Kor vart det av kallet hennar? Slik spør me sume gonger.
Meinte ho at oppgåva hennar nå var å ta seg av dei to gutane – ho kom til Norge med dei slik mannen ynskte på dødssenga. Eller var ho ”sinna på Gud” som hadde teke mannen frå henne – han døydde etter kort tid av sjukdom i Kina. Eg fann ikkje svar på dette.
Så fann eg eit nytt brev i Arkivet. Ho var i Bergen og skreiv til Brandtzæg 28. august 1899. Det var ”nogle tanker” som arbeidde i henne, og ho hadde tala med Brandtzæg fleire gonger om det, skriv ho.
Ho ville gjerne reisa attende til Kina som misjonær! Ho hadde drive ein forretning i Bergen etter at ho kom attende frå Kina. Nå vil ho slutta med den. Ho har fått brev får mannen sine vener i Amerika at dei kan skaffa henne post som ”bestyrerinde”, truleg på ein skule eller gamleheim.
Men så skriv ho: ”Men (jeg) kan ikke finde fred i den tanke. Chinamissionen er mig så kjær at jeg slet ikke har mod eller tro at forlade den…”
Her såg eg det brennande hjarta og misjonssinnet. Brita vil ut att i misjonsarbeidet.
Men to ting såg ho som hindring. Kunne Brandtzæg hjelpa henne med det? Det eine var helsa. Ho kjende seg ikkje sterk. Men ho meinte sjølv at ho skulle klara det, og har eit framlegg til formannen: Hvis dei sende ut ein lege og bygde opp eit hospital, kunne ho gjerne få arbeida der og hjelpa doktoren. Alle misjonærane visste så vel at dei trong ein lege. Her såg ho framtida si.
Det andre var språket. Ho vil ikkje skjula noko for formannen, men skriv rett ut: ”Jeg er ikke så stærk i Hovedet at jeg med nogen styrke kan ta fat på sproget.” Men kunne dett ordnast, ville ho setja seg ”mer ind i sygebehandling” så ho vart skikka til arbeidet der.
Kva skulle Brandtzæg svara på det? Åleine kunne han ikkje ta noka avgjerd.
9. sept. hadde Fellesstyret møte. Som sak nr. 8 tok dei opp saka til Brita. Det ”besluttedes at svare, at man ikke fandt at kunne anbefale dette for Tiden, da hun – efter hva hun selv oplyser – ikke er stærk og desuden for sit svage Hoveds skyld ikke ser sig i stand til at lære sprog”.
Slik måtte formannen skriva til henne. På ein måte hadde ho felt domen over seg sjølv ved å vera så ærleg. Brandtzæg visste jo sjølv at sjukdomen kunne vera hard i Kina. Og alle var klar over at språket var særs viktig. Nå er det ikkje sikkert at Brita sjølv dømde rett om seg sjølv her. Ho støtta seg ikkje til nokon lege, men skriv berre sine eigne tankar. Og misjonen var truleg i ein pressa situasjon: i same styremøte seier dei om ein annan misjonær: Dei veit ikkje kva tid dei kan senda henne til Kina. Avslaget kan altså ha fleire årsaker.
Brita kom aldri meir til Kina. Ho reiste til USA med gutane, og slekta etter dei lever der nå. Nokre er med i kyrkjeleg arbeid der, og er slik med i arbeidet for Guds rike.

No comments: